18. februar 2012

Kongen av Bastøy (2010)

Det er 1915. På Bastøy i Oslofjorden er der ein heim for vanskelege gutar, og no er to nye gutar på veg over med båt. Dei vekslar to setningar - han eine er ein liten og tynn trønder, han andre er ein kraftig Oslo-gut.

Før dei kom fram til øya tippa eg kva som kom til å skje. Trønderen vert ein hakkekylling som vert drepen. Han frå Oslo er ein sterk opprørar, som vert upopulær hjå dei andre gutane, men som byggjer alliansar og som greier å koma seg vekk. Slik gjekk det nesten - han som rømde gjekk gjennom isen nokre hundre meter frå fastlandet.

Er det så vanskeleg å skriva originale filmmanus? Dette er jo berre ein variant av alle fengselsfilmar som er laga. Det er ikkje nok å leggja handlinga til Noreg, eller å knyta det opp til handlingar som eigentleg har skjedd. Filmen tek ikkje ei einaste uventa vending. Visuelt er det heilt greitt, mangelen på friske fargar står til dømes godt til korleis gutane har det. Kanskje det er slik ein har tenkt å gjera norsk film betre? Fyrst skal alle læra seg det visuelle, og deretter skal ein laga manus som fengar?

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar