10. august 2022

Kristine Næss: Hannahs historie med Heddy (2008)

Hannah og Heddy bur saman i ein by i Polen. Hannah er 46, tjue år eldre enn Heddy. Dei har ikkje noko god forhold, og den tida som vert skildra i boka går det frå vondt til verre.

At det er vondt i utgangspunktet, eller akkurat kva som er vondt i utgangspunktet får me ikkje tak i med ein gong. Grunnen er at det er Hannah som fortel denne historia, og ho er ikkje spesielt truverdig. I hennar forteljing er det Heddy (og etter kvart kjærasten hennar, Daniel) som er problemet. Gradvis vert det likevel klart at det er Hannah som er den ustabile her, og som er den som treng hjelp. Det er ho ikkje interessert i, slik ho ser det er jo alle andre som treng hjelp.

Portrettet av Hannah er godt, og det same kan seiast om korleis me utetter i boka gradvis vert klar over korleis ting heng saman. Men bortsett frå det var det ikkje mykje å gleda seg over i denne boka. Det er rimeleg livlaust, av og til er det kjedeleg, og mot slutten av boka er Hannah vorte ein karakter som ikkje interesserer noko større.

Guffen kan ikkje tilrå dette. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar