15. august 2022

Patrick O'Donnell: Ku Klux Klan. America's First Terrorists Exposed (2006)

For nokre år sidan spurde eg ein amerikansk professor om kan kunne tilrå ei bok om Ku Klux Klan. Han meinte denne var god, og eg beit på. Diverre. Det er ei bok det er vanskeleg å seia noko positivt om.

I boka er det samla ei rekkje tekstar om KKK. Dei er samtidige - nokre fortel om den fyrste perioden til KKK (1860-åra), dei fleste handlar om den meir aktive perioden frå 1890-åra til 1920-åra. Det kan jo vera eit greitt utgangspunkt for ei bok, men det krev òg at redaktørane hjelper lesaren meir. Kvar artikkel kunne godt fått ei lita innleiing, der det stod litt om kven forfattaren var, kva slags publikasjon artikkelen var henta frå, om artikkelen var eit innlegg i ein pågåande debatt, om artikkelen fekk følgjer, osb. No står det berre namn på forfattar og publikasjon, og det er ikkje nok.

Det burde òg vore nyare artiklar i samlinga, slik at boka fekk fram at KKK også er aktive i dag. Men det er kanskje grenser for kva ein kan venta av bøker der oddetalssider står til venstre på eit oppslag i boka. Dette var tilnærma bortkasta.

Guffen kan ikkje tilrå dette. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar