25. august 2022

Anders Heger: Egner. En norsk dannelseshistorie (2012)

Thorbjørn Egner har skrive nokre av dei store klassikarane i norsk barnelitteratur. Han var òg ansvarleg for eit stort og omfattande lesebokverk. Han var sentral då det vart gitt ut tre store visebøker. Han var barnetimeonkel. Fleire av stykka hans vart sette opp på teater, og han var absolutt til stades der òg. Av alle som har vakse opp her i landet etter andre verdskrigen er det truleg ingen som ikkje har sett eller høyrt nokre av verka hans. 

Denne biografien viser at Egner var ein mann med uvanleg kreativitet og arbeidskapasitet. Han var alltid aktiv, han tok ofte på seg altfor mykje, men han fekk (det meste) ferdig. Han kom på kant med mange, mest av di han var svært bestemt. Det var han som hadde skrive bøkene, det var han som hadde skapt karakterane i dei, og det var òg han som viste korleis dei skulle sjå ut og oppføra seg. Den haldninga var ikkje alltid like populær, kanskje spesielt i teaterverda, men Heger argumenterer for at Egner gjorde rette val: Det aller meste han tok i vart til gull, og han var heile tida på borna si side.

Det er ei finfin bok. Heger ser heile tida vidare enn Egner, og ser korleis Egner var rett mann på rett stad til rett tid. Der er parallellar mellom det norske samfunnet som vert bygd opp etter krigen og samfunna Egner skapte i bøkene sine. Heger har tilgang til arkivet til Egner, og bruker det godt. Brev som aldri var tenkt som ålmenn lesnad er med på å forklara kvifor Egner gjorde det han gjorde. 

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar