21. august 2022

D.B. Cooper. Where are You?! (2022)

D.B. Cooper er ein legendarisk flykaprar, sjølv om det ikkje er det rette namnet hans. Det er heller ikkje det rette dekknamnet hans, men det er ikkje så viktig. Han sa til ei flyvertinne at han hadde med seg ei bombe ombord, og ho formidla krava hans vidare til piloten. Copper ville ha 200 000 dollar i amerikanske setlar, saman med fire fallskjermar. Etter ei stund landa flyet, og han fekk om bord det han ville ha. Dei andre passasjerane fekk forlata flyet, som tok av sørover frå Seattle. Flyvertinna fekk beskjed om å gå inn i cockpit, og litt seinare merka piloten at bakdøra vart opna. Cooper hoppa ut, og sidan har ingen sett han. 

Dette var i 1971. Mange har leitt etter han, svært mange har gjeve seg ut for å vera Cooper, men ingen er tekne. Mange drøymer om å finna han, og det er i hovudsak det denne miniserien handlar om.  Det er bøker, det er privatetterforskarar, det er store seminar, det er podkastar, osb. Her er mykje fascinerande ved denne leitinga, og eg er samd med han som mot slutten av serien seier at han eigentleg vonar at ingen finn ut kva som skjedde. 

Ein av leitarane er Tom Colbert, som er overtydd om at det var Robert Rackstraw som gav seg ut for å vera Cooper. Colbert seier at han har rundt femti prov for dette, men FBI er ikkje samde. Colbert har møtt Rackstraw. Han var rett nok småkriminell i 70-åra, han var ikkje heilt ulik Cooper, han var gamal soldat med fallskjerm-røynsle, og ei stund i 70-åra likte han å skapa inntrykk av at han visste meir enn han gjorde. No, førti år seinare, er han lei av dette, og vert irritert kvar gong Colbert (eller andre) kontaktar han. 

Eitt av dei avgjerande prova Colbert legg fram viser kor tynn sak han har. Han tek utgangspunkt i nokre brev som er skrive av ein som gjev seg ut for å vera Cooper. Her kjem det nokre lause teikn som kan vera ein slags kode. Colbert allierer seg med ein kodeknekkar, som meiner at det her er brukt ein rimeleg enkel kode: A=1, B=2, osb. Når han summerer alle bokstavane i ein av setningane i eitt av desse breva, får han den same summen som når han summerer bokstavane Robert Rackstraw. Eller ikkje heilt, han må leggja til "I'm LT". Det gjev meining for Colbert, sidan Rackstraw var løytnant i forsvaret; for alle oss andre verkar det som eit halmstrå.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar