3. august 2022

Kjersti Anfinnsen: Øyeblikk for evigheten (2021)

 Forteljaren i denne boka er ei eldre kvinne. Ho er på mange måtar ferdig med livet - ho er nøgd, ho er avhengig av hjelp, ho er så godt som blind, og i løpet av boka døyr òg kjærasten hennar. Ho snakkar mest med den døde søster si. Og elles går ho berre og ventar. 

Ho greier ikkje heilt å bestemma seg. Vil ho vera saman med andre, eller vil ho vera åleine? Det verkar som om ho oftast seier det siste, men det kan jo vera noko ho har funne ut etter at det viste seg at ho vart gåande mykje åleine. Det siste kapitlet, der ho ligg på det aller siste, opnar med "Jeg vil helst dø i noens armer. Jeg vil helst dø alene", så heller ikkje der greier ho å innrømma for seg sjølv at ho gjerne ville hatt eit liv saman med nokon. Ho har gjort det godt i yrkeslivet, boka opnar med at ho får ein pris for arbeidet som hjertekirurg, men det har heile tida vore noko som mangla.

Det er ei kort bok, og berre nokre få av kapitla dekkjer meir enn ei side. Innhaldet er derimot stort, og det er godt. Anfinnsen skriv godt og fint om det å verta gamal og einsam.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar