14. juni 2020

Da 5 Bloods (2020)

Spike Lee har alltid snakka høgt om rasismen i USA, men han kan ikkje ha vore klar over kor aktuell denne filmen skulle verta. Han hadde premiere på Netflix for to dagar sidan, altså midt under den heftigaste tida i USA på lenge. Manuset var skrive heilt tilbake i 2013, og Lee omarbeidde det i 2018.

Fire farga Vietnam-veteranar reiser tilbake til Vietnam for å gjera to ting: Dei vil henta levningane til den femte på laget - Stormin Norman var leiaren i gruppa, og ein dei alle såg opp til. Dei vil òg henta ei kasse med gull dei grov ned under krigen, gull USA eigentleg skulle gje til dei innfødde som støtta USA i krigen. Dei allierer seg med lokale, dei avtalar med ein fransk luring at han skal hjelpa dei med å få gullet ut av Vietnam, og sonen til ein av dei fire dukkar brått opp og vert med.

Leitinga går (sjølvsagt) ikkje heilt etter planen. Der er mange sår etter krigen, både mellom dei fire, mellom amerikanarar og vietnamesarar, og den vietnamesiske naturen er heller ikkje fri for farar.

Det er ein fin film. Skodespelet er tidvis glimrande, historia er flott, filmen er visuelt fin, og musikken (der Marvin Gaye dukkar opp igjen og igjen) er tipp topp. Det som trekkjer litt ned er at Lee, som i fleire tidlegare filmar, vert litt for ivrig til å få fram bodskapen sin.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar