17. juli 2010

Michael Grundt Spang: Torgersen-saken (1973)

I 1957 vart ei ung jente drepen i Skippergata i Oslo. Fredrik Fasting Torgersen vart teken av politiet seinare same natt, og vart etter kvart anklaga og dømt for drapet. Han sat i fengsel fram til 1974, og er den som har site lengst samanhengande i norske fengsel.

Rundt 1970 vart forfattaren Jens Bjørneboe engasjert i saka. Han var overtydd om at dette var eit justismord, og skreiv avisinnlegg, artiklar, essay og skodespel om saka, og prøvde å få saka teke opp att. Han fekk massiv støtte. Denne boka må nærmast reknast som eit svar til det me kan kalla Bjørneboe-aksjonen.

Grundt Spang var journalist i VG. Han har hatt tilgang til alle papir i saka, og refererer det som skjedde før mordet, og saka etterpå. Deretter tek han opp dei viktigaste ankepunkta til Bjørneboe, og tilbakeviser alle desse. Han er svært lojal mot politi og rettsvesen, og kan ikkje finna noko som viser at Bjørneboe har rett, og heller ikkje noko som tilseier at saka bør få ein ny runde gjennom retten.

Eg har lese mykje om Torgersen-saka tidlegare, og har vorte rimeleg overtydd om at det faktisk er snakk om eit justismord. Denne boka peikar i ei anna retning, og under lesinga vart eg meir i tvil. Likevel, etter at eg samla tankane litt, hellar eg framleis mot at det er gjort urett mot Torgersen. Boka Erling Moss og Camille Juel Eide gav ut (1999) er langt meir omfattande og overtydande, og i ettertid har også andre store advokatar teke til orde for at Torgersen bør få prøvd saka på ny. Det var greitt å lesa denne boka, som eit partsinnlegg frå den andre sida, men Grundt Spang greier altså ikkje å overtyda meg.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Camilla Juell Eide og Erling Moss: "...aldri mer slippes løs" (1999)
Litteratursymposiet i Odda, 2011

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar