23. juli 2010

A Serious Man (2009)

I Fargo henta Coen-brørne fram eit miljø dei kjende frå oppveksten, det norskamerikanske miljøet i Minnesota. I denne filmen hentar dei inspirasjon frå eit miljø dei kjende endå betre - det jødiske miljøet.

Handlinga er lagt til 1967, i ein liten by i den amerikanske Midt-Vesten. I alle fall det meste av handlinga. Filmen opnar med ein kort episode som hende for mange hundre år sidan, truleg i Holland eller deromkring. Det er vanskeleg å sjå korleis denne delen heng saman med resten av filmen, bortsett frå at det jødiske dominerer i begge delane.

I resten av filmen møter me Larry Gopnik, ein professor som ikkje heilt får med seg at alt går til pisis. Kona vil gå frå han, ungane snakkar ikkje med han, bror hans slit med helsa og med litt til, og han er ikkje på spesielt god fot med naboane. Det einaste han er oppteken av er jobben sin, og der går det litt betre.

Det er ikkje vanskeleg å sjå at det er ein Coen-film. Det er stilreint, det ser ut slik eg trur det såg ut i Midt-Vesten i 60-åra. Filmen er likevel bygd opp annleis enn andre filmar dei har laga. Filmen startar roleg, nesten kjedeleg, men vert betre og betre. Slutten kjem litt uventa, der er framleis mange uavklara spørsmål, men det gjer ingenting. Slik er det òg i andre av filmane deira - korleis går det til dømes med bowlingturneringa i The Big Lebowski? Viss noko er dumt med den uventa slutten, er det at han kjem når filmen endeleg har teke steget opp på det nivået du ventar at han skal vera på. Du ventar på at ting skal ta av, at filmen skal få eit større klimaks, men så er det i staden slutt. Då vert det noko uforløyst over det heile. Likevel - her er mykje godt, og ein middels Coen-film er likevel langt betre enn mykje anna.

Guffen tilrår.

Mykje meir Coen på kulturguffebloggen
Blood Simple (1984)
Raising Arizona (1987)
Miller's Crossing (1990)
Barton Fink (1991)
The Hudsucker Proxy (1994)
Fargo (1997)
The Big Lebowski (1998)
O Brother, Where Art Thou? (2000)

The Man Who Wasn't There (2001)
Ethan Coen: The Drunken Driver Has the Right of Way (bok, 2001)
Intolerable Cruelty (2003)
William Rodney Allen: The Coen Brothers Interviews (bok, 2006)
No Country for old Men (2007)
Burn After Reading (2008)
True Grit (2010)

Jenny M. Jones: The Big Lebowski (bok, 2012)
Inside Llewn Davis (2013)
Hail, Caesar! (2016)
The Ballad of Buster Scruggs (2018)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar