16. juli 2010

Johan Harstad: Darlah (2009)

Dette er ikkje nokon spesielt original observasjon, men likevel: Johan Harstad ser ut til å vera bra interessert i turar til månen. I fjor las eg den fine Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?, og det var vel viktigaste grunnen til at eg kjøpte denne boka. Darlah er mest retta mot meir ungdommelege lesarar, men eg hadde ei fin stund då eg las denne.

NASA vil attende til månen, men er usikre på om dei greier å skaffa pengar nok. For å skapa blest rundt måneturen utlyser dei eit verdsomspennande lotteri for ungdommar mellom fjorten og sytten (sånn omtrent), der dei tre vinnarane får vera med. Saman med fem astronautar vert dei sendt til månen, der dei skal vera ei veke på den inntil no hemmelege romstasjonen Darlah 2.

Det går heilt galt, sjølvsagt. Folk i NASA har visst det lenge, men på månen er der eit eller anna livsfarleg. Dei åtte misser livet, ein etter ein, heilt til ein av tenåringane, Mia frå Stavanger, greier å koma seg ombord i eit naudfartøy i Darlah 1, ein annan hemmeleg romstasjon, og skyta seg attende til jorda. Det ligg såleis an til ein happy ending, reint bortsett frå at det ikkje var Mia som var ombord i fartøyet, det var den onde dobbeltgjengaren hennar, som i løpet av imponerande kort tid greier å ta livet av alt og alle på heile jorda.

Historia er altså ikkje spesielt truverdig, men det er heller ikkje så viktig. Boka er godt skriven, det vert gradvis meir spanande, og spesielt timane på månen er skildra bra. Harstad får godt fram kor innestengde dei er, både i mørkret i romstasjonen, men òg på sjølve månen.

Guffen tilrår.

Meir Harstad på kulturguffebloggen
Herfra blir du bare eldre (2001)
Ambulanse (2002)
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? (2005)
Hässelby (2007)
Bsider (2008)
Osv. (2010)
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet (fjernsynsserie, 2011)

Motorpsycho. Blissard (2012)
Manifest for folk flest (2013)
Max, Mischa og Tetoffensiven (2015)
Ferskenen (2018)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar