8. mars 2010

Over open avgrunn (1997)

Det er vanskeleg å laga ein dårleg dokumentarfilm om Tarjei Vesaas. Der finst nokre intervju med han, der han framstår som sjarmerande sjenert. Fleire gonger i denne filmen svarar han på spørsmålet han får, før han smiler litt og ser vekk. Vidare er det lett å finna tekstar som gjer seg for opplesing, og der finst òg nokre gode filmar, t.d. den polske filmatiseringa av Fuglane. Det er heller ikkje vanskeleg å finna folk som vil snakka om Vesaas, sonen Olav veit det meste om far sin, og andre forfattarar fortel gjerne om kvifor dei set Vesaas høgt. Her er mellom anna Jan Erik Vold med, og han kjem med eit gullkorn om Fuglane - han seier noko om at dette er den eine boka me ikkje kan klara oss utan.

Han har heilt rett. Fuglane er ein roman som kan lesast om att og om att. Men det store med Vesaas er at der finst så mange andre gode bøker òg - Is-slottet, Det store spelet, Kimen, Huset i mørkret, Vindane, Båten om kvelden, osb. I den fyrste farspermisjonen min las eg alt av Vesaas, minus skodespelet Ultimatum, og der var sterke passasjar i dei fleste bøkene. Alt i debutboka Menneskebonn er der nokre flotte sider der hovudpersonen går i skogen om kvelden, og oppdagar at han ikkje er åleine.

For dei av oss som kjenner Vesaas godt, er det lite nytt i denne filmen. Eg kjenner livssoga hans, eg veit (omtrent) kva år alle bøkene kom ut, og har sett mange av intervjua med han frå før. Det nye for meg var intervjua med Økland, Solstad, Fosse og Vold, og alle er sjølvsagt positive. Det var òg fint å sjå unge utanlandske studentar snakka varmt om bøkene hans.

René Bjerke, som har laga filmen, har òg laga andre Vesaas-filmar - to baserte på noveller av Tarjei Vesaas, og filmen Møte med Halldis, der ho fortel om livet sitt. Han kjenner difor materialet godt, og har laga eit fint portrett av Vesaas. Eg kunne gjerne tenkt meg at han brukte meir tid på nokre av bøkene, men det vert meir pirk. Etter å ha sett filmen fekk eg lyst til å henta fram nokre av Vesaas-bøkene att, og det er noko av det viktigaste med filmar om forfattarar. Bøkene er jo det sentrale.

Guffen tilrår.

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar