10. mars 2010

The Man Who Shot Liberty Valance (1962)

Endå ein film med James Stewart, og endå ein film der James Stewart er bra. Filmen opnar med at han, som senator Ransom Stoddard, kjem attende til byen Shinbone, for å ta del i gravferda til den gamle sheriffen, Tom Doniphon, spelt av John Wayne. Journalistar i byen lurer på kvifor han kom denne lange vegen for å vera med i gravferda, og Stoddard fortel ei historie frå gamle dagar, der han viser korleis det var takka vera sheriffen at han vart senator.

Då han kom til byen, var han nyleg utdanna advokat. Han trudde på lova, men kom til eit område der våpen hadde meir makt. Verst var Liberty Valance, som gjorde som han ville – alt før Stoddard kom til Shinbone, hadde Valance rana diligencen han kom med. Den einaste Valance hadde respekt for var sheriffen. Stoddard greier å snakka seg inn i eit endeleg oppgjer med Valance. Han har knapt nok teke i ein pistol tidlegare, men då dei møtest på gata er det Valance som vert drepen. One thing lead to antoher, og snart vert Stoddard valt til kongressen. Berre han og Doniphon veit at det var Doniphon som skaut Valance, delvis gøymt i ei sidegate. Inni det heile ligg det òg ei kjærleikshistorie; Stoddard og Doniphon vil ha den same jenta. Stoddard vinn der òg.

Stewart er strålande, Wayne er òg rimeleg bra. Filmen greier likevel ikkje å engasjera, det heile vert for stilleståande. Filmen viser motsetnadene mellom aust og vest i dåtidas USA, og den underliggjande meldinga er at det beste er at samfunnet vert trygt og lovlydig. Mange av personane i filmen er karikerte – alle menn drikk (bortsett frå Stoddard), både dokteren og redaktøren er alkoholiserte, og Valance og dei andre skurkane er ubarberte og skitne.

Guffen er lunken.

Meir John Ford på kulturguffebloggen
The Grapes of Wrath (1940)
The Searchers (1956)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar