26. mai 2024

Tarjei Vesaas: Bruene (1966)

Dette er den siste romanen Tarjei Vesaas gav ut. Eg las boka for mange år sidan og hugsar ho som rimeleg mislukka; no var ho langt betre enn det eg trudde. 

Me er i eit kjent farvatn. Hovudpersonane er unge, og dei må ta stilling til dei store spørsmåla i livet. Torvil og Aud er jamgamle, og har vakse opp vegg i vegg. Foreldra deira har sett føre seg at dei to skal verta eit par; sjølv er dei ikkje heilt klare for det. Ein gong Aud går tur i skogen finn ho eit dødt barn, aldeles nyfødd. Dei to veit ikkje kva dei skal gjera, men då dei kjem tilbake dagen etter ser dei at andre har vore der. Dei får kontakt med ho som er mora, og resten av boka handlar om forholdet mellom dei tre. 

Innimellom, med jamne mellomrom, kjem det kapittel utan dialog og utan mykje handling. Her skildrar Vesaas meir av det som rører seg i dei tre. Eg ser at nokre har skildra desse kapitla som det mest vellukka, for meg vart dei meir som ein brems i handlinga. 

Guffen er lunken.  

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Tarjei Vesaas: Is-slottet (1963)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Tarjei Vesaas: Båten om kvelden (1968)

Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)


25. mai 2024

Kenneth Womack: Living the Beatles Legend. The Untold Story of Mal Evans (2023)

Det var fire medlemmer i The Beatles. Produsenten deira, George Martin, vart omtala som den femte beatlen. Viss ein skulle halda fram med nummereringa, ville Mal Evans og Neil Aspinall vore nummer seks og sju (eller omvendt). Begge var med heile vegen, og begge hadde sentrale roller.

Denne boka handlar om Evans. Han var frå Liverpool, der han arbeidde som elektrikar. Han likte og rock'n'roll, og såg ofte The Beatles på The Cavern. Han var stor og kraftig, bortimot to meter høg, og vart fyrst dørvakt på den klubben. Frå våren 1963 var han livvakt og roadie for bandet, og han var med dei overalt. Han stortreivst - han fekk sett verda, han møtte mange kjendisar, og han vassa i damer. Det ville (kanskje) ha vore greitt dersom han var fri og frank, men han var gift småbarnsfar. Eit gjennomgåande tema i boka er korleis han prøver å skjula alt for kona, korleis han greier å overtyda ho om at alt ho har høyrt og sett er feil, og at ho tek han tilbake. Så reiser han ut att og held fram som før.

Bortsett frå den kraftige ripa i lakken får han mykje skryt. Alle seier at han var ei myndig livvakt, som med eit smil eller to greidde å gjera jobben sin. Etter at bandet vart oppløyst gjekk òg livet hans i feil retning. Han var involvert i musikk framleis, og han greidde å få fram nokre gode band, men etter at kona omsider gav opp og sparka han ut, vart det for mykje for han. Han budde saman med ei ny kvinne i California, krangla så mykje med ho at ho ringde politiet, og då dei kom lyfta han eit våpen mot dei. Dei svara med å skyta han.

Hovudhistoria er kjent for meg frå før, men her vert det altså fortalt gjennom Evans. Det fungerer godt. Boka er velskriven, men eg kunne nok tenkt meg at Womack la litt mindre vekt på alle damehistoriene. Akkurat det poenget tek me ganske raskt.

Guffen tilrår.

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
John Lennon: In His Own Write (1964)
John Lennon: A Spaniard in the Works (1965)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Williams/Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
Brown og Gaines: The Love You Make (1983)
I
an MacDonald: Revolution in the Head (1994)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
The Beatles: Anthology (2000)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)
George Harrison: I Me Mine (2017)
Tony Barrell: The Beatles on the Roof
 (2017)
The Beatles: Get Back (bok, 2021)
Paul McCartney: The Lyrics (2021)
The Beatles. Get Back (fjernsynsserie, 2021)
McCartney 3, 2, 1 (2021)
Kozinn og Sinclair: The McCartney Legacy, Volume 1 (2022)

23. mai 2024

Vidar Sundstøl: Nattsang (2023)

Ei fin, lita bok. Det handlar om banda mellom far og son, og det handlar om fuglar. Den namnlause forteljaren har gått gjennom eit samlivsbrot, og sonen deira bur hjå mora. Faren prøver å finna på noko han og sonen kan halda på med, noko som berre er deira, og det vert fuglekikking. Dette er noko faren har drive med før, og han hentar det fram att. Dei to finn ei felles interesse. I alle fall ei stund.

Dei kjem nærare kvarandre, og faren er like nøgd kvar gong sonen viser interesse for dette eller viser noko av det han har plukka opp. Men det varar ikkje, og det er heller ikkje nok. Det ligg ei trist stemning over heile boka, det er ikkje ei bok der me ventar på ei happy ending. Språket er stilreint og smakfullt, og står absolutt i stil med handlinga i boka. 

Guffen tilrår.  

Meir Sundstøl på kulturguffebloggen

18. mai 2024

Annemarie Schwarzenbach: Vener av Bernhard (1931)

Me er tilbake i 1920-åra. Bernhard og venene hans er unge vaksne. Nokre er kunstnarar, alle likar kunst, og alle vil gjera noko nytt. Dei kjenner at ei ny tid er i emning, og dei vil gjera det beste ut av det. Dei er ikkje rike, men velståande nok til å reisa til fleire europeiske storbyar. 

Boka opnar bra, der dei vert presenterte, ein etter ein. Dei er sjarmerande og attraktive, og fleire av dei vert skildra som androgyne. Eg funderte litt på kva som kjem til å skje, men gradvis merka eg at det ikkje kjem til å skje så mykje. Det treng det sjølvsagt ikkje gjera, men her sakna eg det. Det vart det same om og om igjen, og personane som hadde verka interessante vart gradvis meir og meir uinteressante. Etter kvart vart det ei bok eg fekk lite ut av.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

16. mai 2024

Torgrim Eggen: Bredt fokus (2024)

I gamle dagar, då eg jamleg las det meste av musikkaviser, var Torgrim Eggen ein av journalistane eg las mykje av. Han skreiv fyrst i Nye Takter, før han gjekk over til Puls og Beat. Han spelte òg i bandet The Cut, som var sånn middels interessante. Så vart han skjønnlitterær forfattar, og det var stort sett romanane hans eg høyrde om. 

Denne boka viser at han har skrive svært mykje. Det er eit utval av artiklar han har skrive dei siste førti åra. Dei er delte inn i seks bolkar. Den fyrste handlar om musikk, og det er ein fin inngang til resten av boka. Her var det til og med tekstar eg kjende att frå gamle dagar. Så kjem det ein bolk om mat - denne vart heldigvis betre etter kvart, den fyrste artikkelen her var heller uinteressant. Så kjem det bolkar om arkitektur og biletkunst, om forfattarar og skriving, om reising, og den siste bolken er reine meiningsytringar.

Sjølvsagt bommar nokre artiklar, men samlinga har gjennomgåande eit svært høgt nivå. Eggen skriv godt, både med tanke på språk og oppbygging av artiklane. Han er òg ekstremt kunnskapsrik, og det er alltid forfriskande med forfattarar som pøser på med fakta og gode anekdotar. 

Favorittar? Vanskeleg å velja. Men nokre av reiseskildringane hans, spesielt dei frå Noreg, er ein fryd å lesa. Her handlar det ofte om mat, og sjølv om han nokre gonger finn mat han er nøgd med er det mest stas å lesa om dei gongene han berre finn skvip. Som i "Reisen til Norges hjerte", der han er i Gudbrandsdalen og på Nordvestlandet.

Guffen tilrår. 

14. mai 2024

Sigurd Petersen: Med oldefar på Voss – og endå vidare (2000)

For nokre veker sidan las eg ei liknande bok av Petersen, og eg likte henne godt. Denne boka kom ti år seinare. Ho er bygd over nesten same lest, slik at det meste skulle liggja til rette for ei grei lesestund. Slik gjekk det ikkje. 

Det som er likt: Petersen er på farten med slekta. Boka har mange korte kapittel, der kvart kapittel er ein tur, som regel til fots. Han er pedagogen, det er han som har førebudd seg best og som kan fortelja likt og ulikt om det han ser. Han får fram undringsgleda hjå dei yngre, og saman formidlar dei kunnskap om vossabygda. 

Det som er ulikt: Dei reiser meir utanfor bygda. Her er reisemålet helleristingar. På baksida av boka skriv Petersen at det brått dukka opp ei interesse for helleristingar, og dei reiser til fleire kjende felt. Desse kapitla fengar langt mindre, og her er heller ikkje formidlaren like stø og kunnskapsrik.

Guffen er lunken.

Meir Petersen på kulturguffebloggen
På Voss med bestefar (1990)

11. mai 2024

Cowboyen og kongen, sesong 2 (2024)

Eg likte den fyrste sesongen av denne serien, men det tok litt tid før denne sesongen tok av. Den fyrste episoden var berre sånn halvbra, og eg vurderte å droppa alt saman. Det gjorde eg heldigvis ikkje - den tredje episoden var eit solid høgdepunkt, der det var svært mykje å le av.

Det handlar framleis om Arvid Mæland. Han har gjort mykje rart i livet sitt, og har no slått seg ned på ein gard i Bjerkreim. Der har han eitt stort mål: Han skal hogga ut fjeset til kong Harald i fjellsida over garden. 

I den fyrste episoden reiser han, saman med ein velståande kjenning, til Romania for å sjå noko liknande der. Det er trauste greier, men det tek seg altså opp. Det dukkar opp ei sidehistorie - ein motorsagmann lagar ein tre meter høg skulptur av Erling Braut Haaland, og Mæland vil selja denne til inntekt for eit sjukehus i Tanzania. Mæland reiser òg til Stortinget for å drøfta kongeskulpturen med rogalandspolitikarar der, og han prøver òg å få audiens hjå kongen. 

Så går det opp og ned, på ulike område. Der er framleis mange fascinerande bi-personar, og denne gongen trur eg sonen til Mælnad får ei større og viktigare rolle. Han er glad i faren sin, men er òg enormt kritisk til alle dei rare påfunna hans. Den innrøykte kunstnaren, Ivan Storm Juliussen, er òg med denne gongen, men får altfor mykje plass i ein av episodane. Serien sluttar med to uavklara punkt - kva skjer eigentleg med kongefjeset? Og får Mæland skikk på kjærleikslivet? Alt ligg til rette for ein tredje sesong.

Guffen tilrår. 

Meir om Cowboyen på kulturguffebloggen
Sesong 1, 2022

10. mai 2024

Lars Elling: Fyrstene av Finntjern (2022)

Dette var saker. Det er ei original, fin og velskriven bok. Forteljaren, gymnasiasten Filip, bur i det som vel må vera den finare delen av Oslo, midt i 1980-åra. Han snakkar mykje med bestefaren, og litt mindre med bror til bestefaren, som bur i nabohuset.

Bestefaren har mykje å fortelja. Han fortel mest om då han og broren fekk smaken på friluftsliv. Dei var svært mykje i Nordmarka, der dei praktiserte det far deira prøvde å læra dei. Dei kan fiska, dei kjenner namna på dyr og fisk og plantar - både på norsk og latin. Det går oftast bra, men av og til går det mindre bra, og éin gong går det verkeleg gale.

Parallelt med denne historia frå gamle dagar fortel òg Filip mykje om samtida. Han likar å teikna, han likar å laga bilete i hovudet, og han likar gode forteljingar. Han vert såleis nært knytt til bestefaren.

Det er altså ei fin bok. For meg er Elling fyrst og fremst kjent som biletkunstnar, men han viser at han har fleire bein å stå på. Historien er god, boka er komponert, og teksten er svært velskriven.

Guffen tilrår.

6. mai 2024

Tom Hibbert: Phew, Eh Readers? (2024)

Tom Hibbert var ein aldeles glimrande skribent. Han var fyrst og fremst musikk-journalist - han skreiv mellom anna for Smash Hits og Q. Eg las Q jamleg i 90-åra, og han opna som regel kvart nummer med eit nytt intervju i serien "Who the Hell does XX think s/he is?" Her møtte han popstjerner (og andre), gjerne av den meir pompøse og sjølvhøgtidlege sorten, og, ja fekk dei til å drita seg ut. Han hadde eit intervju-grep han brukte ofte - etter eit svar tok han ikkje ordet sjølv. Då heldt oftast den han intervjua fram, og då kom godbitane trillande. Han provoserte gjerne òg, slik at fleire av dei han snakka med vert fornærma. Det finst nokre døme på det her, både Ringo Starr og Roger Waters vert småsure. Andre greier å drita seg ut på eiga hand, som Status Quo (som kjem med nokre utruleg kokain-historier) og Bros. 

Dei intervjua er verdt prisen på heile boka, men her kjem mykje meir. I Smash Hits, som eg hugsar som eit langt enklare blad enn Q, dreiv han òg med noko heilt anna enn alle andre. Han intervjua til dømes Margaret Thatcher, som gjorde det ho kunne for å verka ung og sprek. Og han skreiv for det kortvarige musikkbladet New Music News, der han som regel skreiv heile lesarbrevspalta, altså både spørsmål og svar.

Han var altså ein fascinerande person, med mykje god humor. Innimellom alle artiklane hans kjem det korte artiklar der enkja, kollegaer og vener skriv om han. Han vart ikkje gamle karen, han åt og drakk litt for usunt, og døydde før han fylte seksti.

Guffen tilrår. 

4. mai 2024

Glen Matlock: Triggers (2023)

Glen Matlock var den fyrste bassisten i Sex Pistols. Han vart sparka og erstatta med Sid Vicious. Den gongen sende bandet ut ei melding om at Matlock vart sparka av di han likte The Beatles, ei forklaring som er god, men nok ikkje er heilt sann. Det handla nok meir om at han var for streit, og at han kom på kant med Johnny Rotten, vokalisten. I ettertid har Rotten hinta om, og gitarist Steve Jones sagt høgt og tydeleg, at dei ikkje burde kvitta seg med han. Det var han som skreiv dei aller fleste songane.

Mykje av denne boka handlar om sparkinga, både direkte og indirekte. Matlock skriv mykje om kva musikk han likar, og det handlar aldri om The Beatles. Det kan vera av di han ikkje vil kasta meir ved på akkurat det bålet, men det kan òg henda at andre band var viktigare for han. Han er glad for at han fekk vera med på reunion-turnéane til Pistols, men er litt snurt over at dei berre levde på gamle minne. Han ville skriva nye songar (som er heilt greitt), men han ville òg at dei skulle laga ein musikal basert på livet til Vicious (som ikkje er like greitt).

Matlock er òg oppteken av at han held på gamle verdiar. Han er djupt skuffa over at Rotten støttar Donald Trump, og seier at det ikkje er aktuelt å samarbeida meir med han. Det verkar òg litt rart - same kvar Rotten står politisk trur eg ikkje han hadde hatt problem med å finna ein annan bassist. 

Det er ei heilt grei bok, sjølv om det av og til er vanskeleg å ta han heilt på alvor. Det verkar ofte som om han vil framstå som ein annan enn han er. Han burde nok òg ha nemnt at han skreiv ei bok om livet i Pistols for tretti år sidan. Det er nokre år sidan eg las den boka, men eg har vel ei kjensle av at det ikkje kom så mykje nytt om den tida i denne nye. Her skriv han rett nok mykje om oppveksten, og sjølvsagt òg mykje om åra som har gått etter 1990. 

Guffen tilrår.

Meir Sex Pistols på kulturguffebloggen
Glen Matlock: I was a Teenage Sex Pistol (1990)
Jon Savage: England's Dreaming (1991)
John Lydon: Rotten (1993)
The Filth and the Fury (film, 2000)
David Nolan: I Swear I Was There. The Gig That Changed The World (2006)
Trygve Mathiesen: Banned in the UK (2010)
Jon Savage: The England's Dreaming Tapes (2010)
Trygve Mathiesen: Sid's Norwegian Romance (2011)
John Lydon: Anger Is an Energy (2014)
Johan Kugelberg (red.): God Save Sex Pistols (2016)
Steve Jones og Ben Thompson: Lonely Boy (2016)
Mal-One & The Punk Collective: Worlds End (2020)
Pistol (2022)