6. mai 2024

Tom Hibbert: Phew, Eh Readers? (2024)

Tom Hibbert var ein aldeles glimrande skribent. Han var fyrst og fremst musikk-journalist - han skreiv mellom anna for Smash Hits og Q. Eg las Q jamleg i 90-åra, og han opna som regel kvart nummer med eit nytt intervju i serien "Who the Hell does XX think s/he is?" Her møtte han popstjerner (og andre), gjerne av den meir pompøse og sjølvhøgtidlege sorten, og, ja fekk dei til å drita seg ut. Han hadde eit intervju-grep han brukte ofte - etter eit svar tok han ikkje ordet sjølv. Då heldt oftast den han intervjua fram, og då kom godbitane trillande. Han provoserte gjerne òg, slik at fleire av dei han snakka med vert fornærma. Det finst nokre døme på det her, både Ringo Starr og Roger Waters vert småsure. Andre greier å drita seg ut på eiga hand, som Status Quo (som kjem med nokre utruleg kokain-historier) og Bros. 

Dei intervjua er verdt prisen på heile boka, men her kjem mykje meir. I Smash Hits, som eg hugsar som eit langt enklare blad enn Q, dreiv han òg med noko heilt anna enn alle andre. Han intervjua til dømes Margaret Thatcher, som gjorde det ho kunne for å verka ung og sprek. Og han skreiv for det kortvarige musikkbladet New Music News, der han som regel skreiv heile lesarbrevspalta, altså både spørsmål og svar.

Han var altså ein fascinerande person, med mykje god humor. Innimellom alle artiklane hans kjem det korte artiklar der enkja, kollegaer og vener skriv om han. Han vart ikkje gamle karen, han åt og drakk litt for usunt, og døydde før han fylte seksti.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar