4. mai 2024

Glen Matlock: Triggers (2023)

Glen Matlock var den fyrste bassisten i Sex Pistols. Han vart sparka og erstatta med Sid Vicious. Den gongen sende bandet ut ei melding om at Matlock vart sparka av di han likte The Beatles, ei forklaring som er god, men nok ikkje er heilt sann. Det handla nok meir om at han var for streit, og at han kom på kant med Johnny Rotten, vokalisten. I ettertid har Rotten hinta om, og gitarist Steve Jones sagt høgt og tydeleg, at dei ikkje burde kvitta seg med han. Det var han som skreiv dei aller fleste songane.

Mykje av denne boka handlar om sparkinga, både direkte og indirekte. Matlock skriv mykje om kva musikk han likar, og det handlar aldri om The Beatles. Det kan vera av di han ikkje vil kasta meir ved på akkurat det bålet, men det kan òg henda at andre band var viktigare for han. Han er glad for at han fekk vera med på reunion-turnéane til Pistols, men er litt snurt over at dei berre levde på gamle minne. Han ville skriva nye songar (som er heilt greitt), men han ville òg at dei skulle laga ein musikal basert på livet til Vicious (som ikkje er like greitt).

Matlock er òg oppteken av at han held på gamle verdiar. Han er djupt skuffa over at Rotten støttar Donald Trump, og seier at det ikkje er aktuelt å samarbeida meir med han. Det verkar òg litt rart - same kvar Rotten står politisk trur eg ikkje han hadde hatt problem med å finna ein annan bassist. 

Det er ei heilt grei bok, sjølv om det av og til er vanskeleg å ta han heilt på alvor. Det verkar ofte som om han vil framstå som ein annan enn han er. Han burde nok òg ha nemnt at han skreiv ei bok om livet i Pistols for tretti år sidan. Det er nokre år sidan eg las den boka, men eg har vel ei kjensle av at det ikkje kom så mykje nytt om den tida i denne nye. Her skriv han rett nok mykje om oppveksten, og sjølvsagt òg mykje om åra som har gått etter 1990. 

Guffen tilrår.

Meir Sex Pistols på kulturguffebloggen
Glen Matlock: I was a Teenage Sex Pistol (1990)
Jon Savage: England's Dreaming (1991)
John Lydon: Rotten (1993)
The Filth and the Fury (film, 2000)
David Nolan: I Swear I Was There. The Gig That Changed The World (2006)
Trygve Mathiesen: Banned in the UK (2010)
Jon Savage: The England's Dreaming Tapes (2010)
Trygve Mathiesen: Sid's Norwegian Romance (2011)
John Lydon: Anger Is an Energy (2014)
Johan Kugelberg (red.): God Save Sex Pistols (2016)
Steve Jones og Ben Thompson: Lonely Boy (2016)
Mal-One & The Punk Collective: Worlds End (2020)
Pistol (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar