Eit stykke ute i denne boka står dette avsnittet om forholdet mellom Elvis og Priscilla, før dei gifta seg: "Both Red and Sonny believe that to some degree Presley was keeping Priscilla off balance so she would get acclimatized to the treatment when they got married. There is no doubt in either man's mind that Presley intended right along to get married, although, like most men in his situation, he was in no great hurry".
Most men in his situation? Er det noko denne boka viser, er det at det ikkje fanst andre menn som hadde det som Elvis. Skal me sjå: Han vassa i pengar, han vassa i damer, han vassa i ja-menn, han vassa i dop - han vassa omtrent i alt. Han hadde frikort på alle område - han kunne på kort tid få til eit privat møte med president Nixon. Frå omtrent før han vart vaksen var han ei så stor stjerne at han ikkje kunne visa seg offentleg. Han var ein stor vokalist, og ein minst like stor showmann. Han samla på skytevåpen og pistolar, og fyrte dei gjerne av innandørs. Han trudde at han var tilnærma guddommeleg, han trudde at han, viss han konsentrerte seg, kunne få skyer på himmelen til å flytta seg, og han trudde at han kunne kurera all slags lidingar ved handspålegging.
Han hadde altså eit hoff av ja-menn. Tre av desse fekk sparken i 1976, og i denne boka fortel dei om tida si med Elvis. Red West hadde arbeidd for Elvis heilt frå dei fyrste konsertane, og var truleg den av ja-mennene som kjende han best. Sonny West hadde òg vore med lenge, medan Hebler berre hadde vore med nokre få år. At boka var skriven av tre som nett hadde fått sparken av Elvis, gjorde ikkje uventa mange av lesarane skeptiske til det dei las. Boka kom ut medan Elvis levde, og ingen hadde tidlegare skrive så ope om stoffmisbruket hans, og om dei andre områda der han tok seg til rette. I dag er dette allment kjent, og mange av dei mest kontroversielle episodane i boka er stadfesta i andre, meir seriøse bøker. Denne boka har ingen andre kjelder enn samtalar med dei tre ja-mennene, og dei legg all vekt på livsstilen til Elvis. Her står så godt som ingenting om musikken, og det er altså ingen full biografi, det er meir ein biografi som viser mykje av det Elvis gjorde galt.
Og her er altså ein del episodar som Elvis prøvde å halda skjult. Som den om at han bad eit par av ja-mennene om å skaffa ein leigemordar som kunne ta livet av den nye kjærasten til eks-kona til Elvis. Som den om at han ein gong kasta ein biljardkø rett i brystet på ei ung jente, utan nokon spesielt god grunn. Som den om at han var så fascinert av døde kroppar at han rett som det var tok med seg folk på nattlege visittar til likhus. Eller alle historiane om dop.
Dei tre framstår som enkle og ærlege personar. Dei legg ikkje skjul på at dei ofte burde oppført seg annleis, at dei ofte burde stått opp mot Elvis, men dei forsvarar seg med at dei var altfor glade i han, og at han hadde mykje makt over dei. Dei skreiv boka for å få Elvis til å sjå kva veg det bar, og hadde altså ei von om at boka ville få Elvis inn på betre vegar. Slik gjekk det ikkje. Det er ikkje kjent kva Elvis meinte om boka, og det er heller ikkje sikkert at han las heile boka - han døydde nokre veker etter at ho kom ut.
Guffen tilrår.
Meir Elvis på kulturguffebloggen
Gail Brewer-Giorgio: Is Elvis Alive? (1988)
Peter Guralnick: Last Train to Memphis (1995)
Peter Guralnick: Careless Love (1999)
Alanna Nash: The Colonel (2003)
Priscilla (2023)
Elvis (2022)
Lisa Marie Presley og Riley Keough: From Here to the great Unknown (2024)
Peter Guralnick: The Colonel and the King (2025)
7. april 2011
Midnight Cowboy (1969)
Endå ein god, gamal amerikansk film. Her vert den amerikanske draumen snudd på hovudet. Den ideelle reisa gjennom det amerikanske samfunnet gjekk heile tida vestover. Her reiser hovudpersonen, som like godt kler seg som ein cowboy, austover, og det går frå vondt til verre.
Cowboyen vert spelt av Jon Voight. I Texas arbeider han som oppvaskar, men han reknar med at han, som er rimeleg attraktiv, kan tena langt betre som gigolo i New York. Det gjer han ikkje, for å seia det mildt. Det er langt mellom kundane, og endå lengre mellom dei som faktisk betalar han. Han vert kasta ut av hotellet sitt, og flyttar inn hjå ein italiensk-amerikanar, spelt av Dustin Hoffman. Han er halt, utan pengar, og bur i ein kondemnert bygard.
Dei lever frå hand til munn. Cowboyen er rimeleg enkel, og reknar med at alt skal ordna seg berre han får ein fot innom hjå dei rike damene. Italienaren slit med feber, vert dårlegare og dårlegare, og då cowboyen ranar ein mannleg kunde, får dei endeleg nok pengar til reisa. Dei tek buss til Florida, men italienaren vert dårlegare og dårlegare, og til slutt døyr han på bussen, med blikket vendt mot det Florida han lenge hadde lengta etter.
Det meste av filmen går føre seg i New York. Det er ein by der ingen bryr seg om andre - ingen snakkar med cowboyen, ingen tek seg av folk som har kollapsa på gata, og ein kan ikkje stola på nokon av dei ein møter. Det heile kan godt vera meint som ein kommentar til korleis det amerikanske samfunnet hadde vorte. Her er det kvar mann for seg, det er eit samfunn der det ikkje lenger er rom for cowboyar. Ikkje uventa er det glimrande skodespel i begge dei to hovudrollene, spesielt Voight er bra, der han av og til er sterk og sjølvsikker, medan han andre gonger har det tristaste blikket ein kan tenkja seg.

6. april 2011
Giles Smith: Lost in Music (1995)
Gitaristen Knut Schreiner skriv av og til om musikk i Morgenbladet, og for nokre veker sidan skreiv han varmt om det engelske bandet Cleaners from Venus. Dei var på topp midt i 80-åra, var inspirerte av Revolver-Beatles, og var så skeptiske til alt som minte av kapitalisme at dei spelte inn songane heime hjå Martin Newell, som lenge var den einaste faste medlemmen i CFV. Dei gav ut all musikken sin på kassettar, som dei sende til kontaktar i fleire land, med beskjed om at dei kunne kopiera, selja, og senda delar av inntektene tilbake til bandet.
Dette var gamalt nytt for meg. Cleaners from Venus var eitt av banda eg høyrde mest på i andre halvdel av 80-åra. Eg likte både musikken og haldningane deira så godt at eg like godt intervjua Newell (pr. brev) for ei Oslo-fanzine, og musikken deira held seg framleis relativt godt.
Kvifor har dette relevans akkurat her? To grunnar. Giles Smith var med i CFV i nokre år. Og noko av det han skriv om er at det ikkje berre er viktig kva musikk du høyrer på, ofte får du òg plusspoeng for å ha høyrt lenge på platene til eit band.
Boka er ein slags musikalsk sjølvbiografi, der Smith fortel om forholdet sitt til musikk, frå han er ein liten gut til han er ein godt etablert mann på rundt 33 år. Han skriv innsiktsfullt og underhaldande om korleis musikk har dominert heile livet hans. Han er fødd i 1962, og frå rundt 1970 er musikk den einaste store interessa hans. Det var ei heilt anna tid enn i dag, sjølvsagt, det var før MTV og Internett og all slags digitale format, og det var langt vanskelegare å få høyra om og å få tak i musikk du likte. Han spelar òg i band sjølv, og kvir seg ikkje for å fortelja om alle popstjernedraumane det ikkje vart noko av.
Me har ikkje overlappande musikksmak, men det er ikkje så nøye. Når han skriv om korleis han jakta på absolutt alt som XTC gav ut, ser eg klare parallellar til korleis eg var på leit etter plater med favorittane mine. Og då var ikkje alltid den tekniske kvaliteten det viktige, her kunne det gjerne vera uoffisielle konsertopptak med høgst tvilsam lydkvalitet. Han skriv om eit XTC-opptak frå 1980 at lyden var forferdeleg. "Somewhere at the heart of its storm of hiss was a barely audible throb, as if the concert had been recorded by someone pressing a cheap dictaphone up against the venue's outside wall. I'm not sure I even made it as far as disc two. I was, needless to say, delighted with it. " Been there, done that.
Det er altså ei fin bok, som viser kor viktig popmusikk kan vera for mange av oss.

Etikettar:
litteratur,
musikk,
Storbritannia
5. april 2011
The Searchers (1956)
Monument Valley, eit område sørvest i USA, har eit fantastisk landskap. Det var eitt av favorittområda til Everest Ruess, og det er ikkje vanskeleg å skjøna kvifor. Opp frå den flate ørkenen stikk det høge steinformasjonar, som oftast er tilnærma loddrette i den øvste delen.
Området gjer seg godt på film, og det er den største attraksjonen i denne filmen. Historia er høgst tradisjonell, og skodespelet er prega av dette overspelet som var vanleg i femtiåra. John Wayne, som har eit heller avgrensa repertoar som skodespelar, har hovudrolla.
Dette skjer: Nokre comanchar går til angrep på ein kvit familie, og tek dei to jentene som får leva til fangar. Slekt og vener prøver å ta att indianarane, men dei fleste gjev opp. Berre tre av dei held fram, Wayne, ein ung mann som er kvart cherokee, og som var adoptert av den angripne familien (spelt av Jeffrey Hunter), og ein mann som var kjærast med den eldste av jentene. Då dei finn liket av den eldste jenta, går han til eit meiningslaust einmannsangrep på indianarane, og dei to andre leiter vidare utan han. Etter fem år får dei høyra kvar den yngste jenta er, og etter litt skyting greier dei å frigjera ho.
Filmen er fri for overraskingar. Alt i opningsscena er Wayne skeptisk til Hunter, og då er det opplagt at Hunter kjem til å spela ei viktig rolle i leiteaksjonen, og at Wayne kjem til å få eit betre inntrykk av han. Dotter på nabogarden har eit godt auge til Hunter, og når han og Wayne etter mange år kjem attende til garden akkurat i det ho skal gifta seg med ein annan, er det opplagt at han kjem til å få stoppa det bryllaupet. Når nokon slåst, endar det omtrent alltid med at nokre skrøpelege møblar vert øydelagde. Sjølv om det er ein del skyting og litt skalpering, ser me omtrent ikkje ein dråpe blod.
Så det er ikkje så mykje positivt å seia om denne filmen. Bortsett frå filminga, som verkeleg gjer at ein får lyst til å reisa attende til Monument Valley. For eit landskap.
Guffen kan ikkje tilrå dette.
Meir Ford på kulturguffebloggen
The Grapes of Wrath (1940)
The Man who shot Liberty Valance (1962)

4. april 2011
Heimegutar (2009)
For ordens skuld: Eg er kanskje ikkje den rette til å skriva om denne filmen. Ein ting er at eg er rimeleg blank på rap. Ein annan ting er at eg kjenner Runar G/Sjef R sånn nokolunde godt, i alle fall godt nok til at me nokre veker i året reiser rundt og snakkar med skuleelevar om språk. Slik er det òg denne veka.
Filmen handlar om rapgruppa Side Brok. Det har gått litt opp og ned for dei, dei gjorde det stort med debut-CDen Høge brelle, men deretter gjekk det nedover. Det ulmar litt då dei spelar inn oppfølgjaren, og etter at den plata kom ut var responsen sånn middels. Få spelejobbar, færre selde CDar - Skatebård omtalar det heile som ei "katastrofe". Denne nedturen set sine spor. På filmen er der garderobescener etter tidlege konsertar, og liknande scener frå konsertar etter den andre plata, og det er enorm skilnad på stemninga. Etter den andre plata minner det nesten om eit gravøl.
Etter ei tid kjem dei saman igjen, og lagar det som for meg er den beste av platene deira. Dei har halde på med ulike ting, dei andre i bandet var ikkje like lystne som Runar på å halda fram. Etter telefonsamtalen mellom Runar og Oddgeir, der dei vert samde om å laga ei plate til, vert Oddgeir litt hyper, og seier noko slikt som at "Ei plate til med det bandet der? Skal me ikkje verta vaksne snart?" Ut frå tekstane på tredjeplata var det akkurat det som skjedde - det handlar ikkje lenger om oppvekst i Ørsta, men meir om livet som vaksen rappar. Historia i filmen sluttar før den plata kom, men den vart ikkje den oppturen dei vona på. (Eg var tilfeldigvis på skuleturné med Runar den veka i 2009 då den plata kom, og det var ikkje akkurat lystig stemning i leigebilen då NRK P2 melde plata.)
Filmen er finfin. Dei har det moro, og omtrent til andreplata kjem ut er det smil og latter og glede overalt. Her er mykje å le av. Eitt av høgdepunkta er då dei skal spela på Husnesrock, og berre Skatebård møter presis. Dei andre er litt forseinka etter ein sein fest kvelden før, og det er fine scener både når Skatebård diktar opp eit problem med bilen når han snakkar med arrangøren. Det er opplagt for oss som ser filmen at han ikkje snakkar sant, og eg er ikkje heilt sikker på om arrangørdama eigentleg trur på han. I alle fall tek han seg ein liten symjetur i etterkant, og det er òg rimeleg delikate scener.

Meir Side Brok på kulturguffebloggen
Kjell Andreas Oddekalv: Side Brok. Høge Brelle (2022)
Eg har ord (2023)

3. april 2011
Jan Roar Leikvoll: Fiolinane (2010)
Dette er ikkje akkurat noko gladbok. Eg-personen, ein gut rundt 13-14 år, bur saman med familien sin på ei enorm søppelfylling. Dei er ikkje åleine der, der bur mange andre, og alle kjempar for å overleva. Det kjem ikkje fram kvifor dei er busette der, men ingen har greidd å koma seg vekk frå fyllinga. Der bur folk utanfor fyllinga, og dei organiserer av og til flydropp, men annan kontakt har dei ikkje.
Sjølv om det heile tida er glovarmt, er det eit kaldt samfunn. Og fyllinga er jo menneskeskapt, men det er ikkje akkurat eit menneskeleg samfunn. Ein kan ikkje stola på mange andre, dei heilagaste alliansane går mellom menn som er i slekt. Kvinner er mindre verdt, romanen opnar med at eg-personen, saman med far sin, gravlegg syster si. Ein mann som kjem forbi viser dei ei fascinerande kule, som sender ut lys og fargar i alle retningar, og det skal ikkje mykje til før faren byter til seg den kula, mot at den andre mannen får nokre minutt åleine med den nakne jenta før dei gravlegg ho. Faren kvir seg heller ikkje for å skifta ut mor til eg-personen; han rådfører seg litt med bestefaren, og dei finn ut at mora ikkje kan gje faren fleire ungar. Faren og eg-personen bankar ho opp, stengjer ho inne i eit skur, og finn ei ny til faren.
Det einaste lyspunktet for hovudpersonen er samtalane med bestefaren. Han bur litt for seg sjølv, og kjem med mange visdomsord, han fortel om korleis det var før, og han spelar litt fiolin.
Det er altså ikkje så veldig lysteleg lesnad. Alt dei gjer på handlar altså om å overleva, og det er ingen grenser for kva dei kan gjera. Her finst nekrofili, incest, valdtekt og grov vald, og dei som sikrar seg kasser frå flydroppet deler absolutt ikkje med andre. Men sjølv om det heile er dystert, er det noko vakkert i måten Leikvoll skriv om det på.
Guffen tilrår.
Meir Leikvoll på kulturguffebloggen
Eit vintereventyr (2008)
Bovara (2012)
Songfuglen (2013)
Forkynnaren (2015)
Heimatt (2019)

Leikvoll,
litteratur,
Noreg
31. mars 2011
O Brother, Where Art Thou? (2000)
Denne filmen avslutta ei rekkje med tre svært sterke Coen-filmar. Den er ikkje like god som Fargo eller The Big Lebowski, men det er ikkje mykje om å gjera.
Filmen er liksom laust basert på Odysseen av Homer. Tre rømlingar frå ein lenkegjeng, spelt av George Clooney, John Turturro og Tim Blake Nelson, er på leiting etter nokre pengar Clooney hevdar å gravd ned etter eit ran. På vegen møter dei mange utfordringar - vakter, politi, hundar, sirener, John Goodman, Ku Klux Klan, men dei kjem seg unna heile vegen. Undervegs vert dei frifunne for alt dei måtte ha gjort av guvernøren i Mississippi, men ei av gruppene som leiter etter dei har ikkje fått det med seg, og førebur seg på å hengja dei tre. Den påfølgjande scena er ei av dei heilt store Coen-scenene - enorme mengder vatn skoler dei vekk frå galgene og fyller heile dalføret. Dei får omsider hovudet over vatnet, i ei scene som minner litt om då to bandittar rømmer frå eit fengsel i Raising Arizona.
Langs vegen har dei òg, utan å vita det, vorte popstjerner. For å tena pengar har dei gått inn til ein blind radio-platepratar, der dei har spelt inn "I'm A Man Of Constant Sorrow". Songen vert populær, og då dei, litt tilfeldig, framfører songen på eit valkampmøte, haustar dei stor fagnad. Dei er eit godt liveband, og har forkledninga som minner litt om då tre menn prøvde å koma seg inn i USA i A Night At The Opera. Musikken er strålande gjennom heile filmen.
Dette er fyrste gong Clooney er med i ein Coen-film, og han greier seg svært godt. Fleire av dei andre skodespelarane var òg med i tidlegare Coen-filmar, i alle fall Turturro, Goodman, og Holly Hunter. Her er meir enn nok å le av, det er (ikkje uventa) ein film eg har sett ei rekkje gonger, men likevel lo eg fleire stader så høgt at skituristane i setet ved sida av snudde seg for å sjå kva eg heldt på med.
Guffen tilrår.
Mykje meir Coen på kulturguffebloggen
Blood Simple (1984)
Raising Arizona (1987)
Miller's Crossing (1990)
Barton Fink (1991)
The Hudsucker Proxy (1994)
Fargo (1997)
The Big Lebowski (1998)The Man Who Wasn't There (2001)
Ethan Coen: The Drunken Driver Has the Right of Way (bok, 2001)
Intolerable Cruelty (2003)
William Rodney Allen: The Coen Brothers Interviews (bok, 2006)
No Country for old Men (2007)
Burn After Reading (2008)
A Serious Man (2009)
True Grit (2010)
Jenny M. Jones: The Big Lebowski (bok, 2012)
Inside Llewn Davis (2013)
Hail, Caesar! (2016)
The Ballad of Buster Scruggs (2018)

Abonner på:
Innlegg (Atom)