Viser innlegg med etiketten J Ford. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten J Ford. Vis alle innlegg

5. april 2011

The Searchers (1956)

Monument Valley, eit område sørvest i USA, har eit fantastisk landskap. Det var eitt av favorittområda til Everest Ruess, og det er ikkje vanskeleg å skjøna kvifor. Opp frå den flate ørkenen stikk det høge steinformasjonar, som oftast er tilnærma loddrette i den øvste delen.

Området gjer seg godt på film, og det er den største attraksjonen i denne filmen. Historia er høgst tradisjonell, og skodespelet er prega av dette overspelet som var vanleg i femtiåra. John Wayne, som har eit heller avgrensa repertoar som skodespelar, har hovudrolla.

Dette skjer: Nokre comanchar går til angrep på ein kvit familie, og tek dei to jentene som får leva til fangar. Slekt og vener prøver å ta att indianarane, men dei fleste gjev opp. Berre tre av dei held fram, Wayne, ein ung mann som er kvart cherokee, og som var adoptert av den angripne familien (spelt av Jeffrey Hunter), og ein mann som var kjærast med den eldste av jentene. Då dei finn liket av den eldste jenta, går han til eit meiningslaust einmannsangrep på indianarane, og dei to andre leiter vidare utan han. Etter fem år får dei høyra kvar den yngste jenta er, og etter litt skyting greier dei å frigjera ho.

Filmen er fri for overraskingar. Alt i opningsscena er Wayne skeptisk til Hunter, og då er det opplagt at Hunter kjem til å spela ei viktig rolle i leiteaksjonen, og at Wayne kjem til å få eit betre inntrykk av han. Dotter på nabogarden har eit godt auge til Hunter, og når han og Wayne etter mange år kjem attende til garden akkurat i det ho skal gifta seg med ein annan, er det opplagt at han kjem til å få stoppa det bryllaupet. Når nokon slåst, endar det omtrent alltid med at nokre skrøpelege møblar vert øydelagde. Sjølv om det er ein del skyting og litt skalpering, ser me omtrent ikkje ein dråpe blod.

Så det er ikkje så mykje positivt å seia om denne filmen. Bortsett frå filminga, som verkeleg gjer at ein får lyst til å reisa attende til Monument Valley. For eit landskap.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Ford på kulturguffebloggen
The Grapes of Wrath (1940)
The Man who shot Liberty Valance (1962)

9. mars 2011

The Grapes of Wrath (1940)

Denne filmen er basert på ein av den finaste av romanane til John Steinbeck. Det seier ikkje så lite, og denne filmatiseringa er òg fin. Filmen gjer likevel ikkje så sterkt inntrykk som boka, kanskje mest av di slutten er endra. I boka går alt gale på slutten, her er det lys i tunnelen.

Det handlar om familien Toad, ein jordbruksfamilie frå Oklahoma. Dei må flytta frå garden dei leiger, og satsar på ei framtid i California. Dei er i alt ti-tolv personar som pakkar seg saman i ein skral lastebil, og dei fleste kjem seg heilt fram. Der er det ikkje lett å få seg jobb, dette er i 1930-åra, og svært mange andre har tenkt same tanken som dei. Dei arbeider litt som streikebrytarar, før Tom, sonen i familien, slår ned og drep ein kar. Han er ute på prøve, og dei flyktar vidare. Frå denne leiren, som minner om ei blanding av ein konsentrasjonsleir og ein flyktningeleir, finn dei litt tilfeldig vegen til ein leir der alt er velstand. Her er det ingen sjefar, her er det ikkje noko politi, det er reint, det er innlagt vatn, ungane kan gå på skule, osb. Det er omtrent som eit sosialistisk paradis.

Filmen er regissert av John Ford. Av og til bruker han den amerikanske naturen like godt som i dei beste westernfilmane sine, andre gonger er det altfor tydeleg at utescenane er spelt inn i studio. Her er ei rekkje gode skodespelarar, alle har dette redde eller desperate blikket som gjer at du trur på dei, du føler at dei verkeleg har mist det meste av det dei eig. Det er ei god og trist stemning i filmen, spesielt i den fyrste halvdelen.

Guffen tilrår.

Meir Steinbeck på kulturguffebloggen
Cup of Gold (1929)
The Pastures of Heaven (1932)
The Red Pony (1933)
To a God Unknown (1933)
Tortilla Flat (1935)
In Dubious Battle (1936)
The Harvest Gypsies (1936)
Of Mice and Men (1937)
The Long Valley (1938)
The Grapes of Wrath (1939)
The Moon is Down (1942)
Cannery Row (1945)
The Pearl (1947)
The Wayward Bus (1947)
Burning Bright (1950)
East of Eden (1952)
Sweet Thursday (1954)
East of Eden (1955, film)
The Short Reign of Pippin IV (1957)
The Winter of Our Discontent (1961)
Travels With Charley (1962)
Journal of a Novel (1969)
Jackson J. Benson: John Steinbeck. Writer (1984)
Of Mice and Men (1992, film)
America and Americans. And Selected Nonfiction (2002)

Geert Mak: USA. En reise (2012)

Meir John Ford på kulturguffebloggen
The Searchers (1956)
The Man Who Shot Liberty Valance (1962)

10. mars 2010

The Man Who Shot Liberty Valance (1962)

Endå ein film med James Stewart, og endå ein film der James Stewart er bra. Filmen opnar med at han, som senator Ransom Stoddard, kjem attende til byen Shinbone, for å ta del i gravferda til den gamle sheriffen, Tom Doniphon, spelt av John Wayne. Journalistar i byen lurer på kvifor han kom denne lange vegen for å vera med i gravferda, og Stoddard fortel ei historie frå gamle dagar, der han viser korleis det var takka vera sheriffen at han vart senator.

Då han kom til byen, var han nyleg utdanna advokat. Han trudde på lova, men kom til eit område der våpen hadde meir makt. Verst var Liberty Valance, som gjorde som han ville – alt før Stoddard kom til Shinbone, hadde Valance rana diligencen han kom med. Den einaste Valance hadde respekt for var sheriffen. Stoddard greier å snakka seg inn i eit endeleg oppgjer med Valance. Han har knapt nok teke i ein pistol tidlegare, men då dei møtest på gata er det Valance som vert drepen. One thing lead to antoher, og snart vert Stoddard valt til kongressen. Berre han og Doniphon veit at det var Doniphon som skaut Valance, delvis gøymt i ei sidegate. Inni det heile ligg det òg ei kjærleikshistorie; Stoddard og Doniphon vil ha den same jenta. Stoddard vinn der òg.

Stewart er strålande, Wayne er òg rimeleg bra. Filmen greier likevel ikkje å engasjera, det heile vert for stilleståande. Filmen viser motsetnadene mellom aust og vest i dåtidas USA, og den underliggjande meldinga er at det beste er at samfunnet vert trygt og lovlydig. Mange av personane i filmen er karikerte – alle menn drikk (bortsett frå Stoddard), både dokteren og redaktøren er alkoholiserte, og Valance og dei andre skurkane er ubarberte og skitne.

Guffen er lunken.

Meir John Ford på kulturguffebloggen
The Grapes of Wrath (1940)
The Searchers (1956)