Viser innlegg med etiketten Leikvoll. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Leikvoll. Vis alle innlegg

17. juli 2022

Jan Roar Leikvoll: Heimatt (2019)

Å reisa heimatt er gjerne noko positivt, men slik er det ikkje for Ingmar, hovudpersonen i denne romanen. Han har flytta frå eit land/område til eit anna. Opphaldsløyvet hans forsvinn, han trur det vert stole medan han er i symjehallen, og han greier ikkje å få eit nytt. Han får eit mellombels løyve, men der stoppar det opp. Han får kraftige hint om at viss han ikkje reiser vekk før det har gått tre dagar, vert han sett i fengsel eller det som verre er. Han konkluderer med at han må ut, og boka sluttar med at han møter fleire i same situasjon, som står og ventar på å koma vekk.

Det er vanskeleg å skriva om romanen utan å nemna Kafka. Ingmar går frå kontor til kontor, han veit ikkje kva som ventar han eller kva reglar han skal følgja. I gatene ser han ofte lastebilar som hentar folk, og ingen veit heilt sikkert kvar dei vert av. Dei som veit noko, eller har yrke som tilseier at dei burde vita noko, fortel ikkje alt dei veit. Det er eit samfunn der nokon få veit kva som skjer, medan alle andre berre må finna seg i det. 

Dette er den andre posthume Leikvoll-romanen som har kome ut. Av og til er det noko uferdig over han, men stort sett heng det godt saman. Språket er ikkje alltid like vakkert som før, men det er absolutt stas å lesa dette.

Guffen tilrår.  

Meir Leikvoll på kulturguffebloggen
Eit vintereventyr (2008)
Fiolinane (2010)
Bovara (2012)
Songfuglen (2013)
Forkynnaren (2015)

9. april 2022

Jan Roar Leikvoll: Forkynnaren (2015)

Jan Roar Leikvoll døydde altfor tidleg. Han vart berre førti år, og då han døydde han gjeve ut fire romanar. Han hadde skrive mange uferdige tekstar, og Forkynnaren er ein av desse. I samråd med familien har forlaget redigert teksten ørlite - det vil seia at teksten ikkje er vorten slik Leikvoll ville, men det er i høgste grad ein leikvollsk tekst.

Dei fire fyrste romanane hans var både vakre og dystre. No, står det i føreordet, ville han laga ein roman som berre var vakker. Slik er det, men det er òg noko melankolsk over det heile. Slik det òg står i føreordet minner denne romanen både om Morgon og kveld og om Fuglane. Døden er aldri langt vekke.

Hovudpersonen, Hans, kjenner at han får eit kall. Han må ro ut mot storhavet, utan at han greier å forklara kvifor. Han ror gjennom eit landskap han har kjent heile livet, men som likevel er noko ukjent for han. Han møter folk, han tek med seg ei ung kvinne og ein litt eldre mann, og saman får dei overnatta i ei hus dei ror forbi. Om natta reiser han frå dei, og ror vidare mot kallet sitt.

Det er ei fin bok. Leikvoll skriv uendeleg vakre setningar, og det er ei fin forteljing det er lett å verta rørt av. Det er ei forteljing som strekar under kor stort tap det var at Leikvoll døydde.

Guffen tilrår.

Meir Leikvoll på kulturguffebloggen
Eit vintereventyr (2008)
Fiolinane (2010)
Bovara (2012)
Songfuglen (2013)
Heimatt (2019)

17. juli 2021

Jan Roar Leikvoll: Bovara (2012)

Dette er den tredje romanen til Leikvoll, og det er lett å sjå slektskapen til dei to fyrste bøkene. Det er dystert, hovudpersonen er ein ung mann som lengtar etter noko meir, og her er både død og anna vondskap.

Handlinga er lagt til eit kloster. Eg-personen i boka, gartnaren Frrok, går mykje for seg sjølv og vert sett på som ein raring, men har ei så flott songstemme at han likevel vert vist ein viss respekt. Den einaste han har eit nært forhold til, Flori, har isolert seg i tårnet sitt for å skriva av ei bok. Dei to har arbeidd saman i hagen, men no må Frrok arbeida åleine. Ein dag oppdagar han ei ung jente som tek seg over gjerdet inn i klosterhagen. Ho ser etter Flori, og Frrok gøymer henne i kjellaren. Han seier heile tida at Flori snart kjem, men det gjer han jo ikkje. Gradvis oppdagar Frrok at han har makt over jenta, og det er ei kjensle og ei erfaring han set pris på.

Det er ei flott bok. Det er dystert, her er fleire scener som kan vera ubehagelege å lesa, men det er skrive så klokt og fint. Det vakre språket står i stor kontrast til innhaldet, og eg vert igjen minnt på kor tragisk det er at Leikvoll ikkje vart eldre enn førti år. 

Guffen tilrår.

Meir Leikvoll på kulturguffebloggen
Eit vintereventyr (2008)
Fiolinane (2010)
Songfuglen (2013)
Forkynnaren (2015)
Heimatt (2019)

25. juni 2016

Jan Roar Leikvoll: Songfuglen (2013)

Jan Roar Leikvoll fekk berre skrive fire bøker før han døydde i 2014. Eg har lese to av bøkene hans før, og likte begge svært godt. Denne var ikkje like fengande.

Handlinga er lagt til ein by, der både personnamn og skildringar av byen sender tankane i retning av det gamle Aust-Europa. Det er kaldt, det er relativt dystert, og det er lite av materiell velstand. I byen bur det berre kvinner og jenter; alle menn og gutar vert forviste til eit liv utanfor bymurane. Om nettene prøver dei å koma seg inn i byen, men vert drivne attende.

Jakoba bur saman med mor si. Ho er eigentleg ein gut, og det gjer ho sjølvsagt alt ho kan for å skjula. Ho har ei uvanleg fin songrøyst, og tek songtimar hjå ei eldre dame. Jakoba vert forelska i tenaren til songlæraren, men dei får ikkje noko langt og godt forhold. Jakoba kjenner seg redd, ho kjenner seg trua, og rømmer frå byen.

Språket er framleis godt, sjølv om eg gjerne kunne tenkt meg betre korrekturlesing. Det er sjølve forteljinga som ikkje fengar, eg vert ikkje dregen like sterkt inn i forteljinga som i dei to andre bøkene.

Guffen er lunken.

Meir Leikvoll på kulturguffebloggen
Eit vintereventyr (2008)
Fiolinane (2010)
Bovara (2012)
Forkynnaren (2015)
Heimatt (2019)

13. august 2013

Jan Roar Leikvoll: Eit vintereventyr (2008)

Denne romanen er vel meir vinter enn eventyr. Handlinga er lagt til ein arbeidsleir, som minner ikkje så reint lite om ein tysk konsentrasjonsleir. Romkameraten til eg-personen seier tidleg i boka at "arbeid sette oss fri".

Eg-personen er svak, men likevel sterk nok til at han overlever arbeidsoppgåvene han får. Han vert rett nok redda av at romkameraten hans, Hans, er ein av favorittane til kommandanten. Det er kaldt, det er trist, det er ein stad der ingen stolar på kvarandre, og der det ikkje skal mykje til før du vert straffa. Kvar dag kjem det hundrevis av nye menneske; dei fleste vert drepne, og dei fleste av desse igjen vert brende opp. Resten vert brukt som mat for arbeidarane.

Eg-personen drøymer om eit betre liv, slik alle andre gjer det. Han trur ikkje på det sjølv, men vona er der, i alle fall. Han framstår som svak, men er likevel i stand til å ta livet av andre, når det trengst. Der er altså ein sterk vilje til å overleva, men det er etter kvart alt han har.

Så det er ikkje noko lystig bok, dette, men det er ei god bok, som er velskriven og godt komponert.

Guffen tilrår.

Meir Leikvoll på kulturguffebloggen
Fiolinane (2010)
Bovara (2012)
Songfuglen (2013)
Forkynnaren (2015)
Heimatt (2019)

3. april 2011

Jan Roar Leikvoll: Fiolinane (2010)

Dette er ikkje akkurat noko gladbok. Eg-personen, ein gut rundt 13-14 år, bur saman med familien sin på ei enorm søppelfylling. Dei er ikkje åleine der, der bur mange andre, og alle kjempar for å overleva. Det kjem ikkje fram kvifor dei er busette der, men ingen har greidd å koma seg vekk frå fyllinga. Der bur folk utanfor fyllinga, og dei organiserer av og til flydropp, men annan kontakt har dei ikkje.

Sjølv om det heile tida er glovarmt, er det eit kaldt samfunn. Og fyllinga er jo menneskeskapt, men det er ikkje akkurat eit menneskeleg samfunn. Ein kan ikkje stola på mange andre, dei heilagaste alliansane går mellom menn som er i slekt. Kvinner er mindre verdt, romanen opnar med at eg-personen, saman med far sin, gravlegg syster si. Ein mann som kjem forbi viser dei ei fascinerande kule, som sender ut lys og fargar i alle retningar, og det skal ikkje mykje til før faren byter til seg den kula, mot at den andre mannen får nokre minutt åleine med den nakne jenta før dei gravlegg ho. Faren kvir seg heller ikkje for å skifta ut mor til eg-personen; han rådfører seg litt med bestefaren, og dei finn ut at mora ikkje kan gje faren fleire ungar. Faren og eg-personen bankar ho opp, stengjer ho inne i eit skur, og finn ei ny til faren.

Det einaste lyspunktet for hovudpersonen er samtalane med bestefaren. Han bur litt for seg sjølv, og kjem med mange visdomsord, han fortel om korleis det var før, og han spelar litt fiolin.

Det er altså ikkje så veldig lysteleg lesnad. Alt dei gjer på handlar altså om å overleva, og det er ingen grenser for kva dei kan gjera. Her finst nekrofili, incest, valdtekt og grov vald, og dei som sikrar seg kasser frå flydroppet deler absolutt ikkje med andre. Men sjølv om det heile er dystert, er det noko vakkert i måten Leikvoll skriv om det på.

Guffen tilrår.

Meir Leikvoll på kulturguffebloggen
Eit vintereventyr (2008)
Bovara (2012)
Songfuglen (2013)
Forkynnaren (2015)
Heimatt (2019)