Denne boka trudde eg at eg kom til å lika betre. Eg likar bøker, eg likar bokhistorie, eg likar å lesa om boksamlarar, og det er alt dette denne boka handlar om. Eide fortel om boksamlingar, om bokproduksjon, om lesemiljø. Boka er rikt illustrert, som det heiter, og gler meg jo at ho alt på side 20 skriv at Jostein Fet er det store førebiletet for all norsk bokhistorisk forsking. Og det er jo stas (og litt merkeleg) at eit fint bilete av nokre av bøkene Ivar Aasen eigde vert brukt to gonger i boka.
Likevel vert det heile livlaust og kjedeleg. Eg veit ikkje heilt kvifor, men det vert truleg for repeterande. Der er ein grunnleggjande historie som viser korleis lesegleda breier seg ut over landet, korleis eldsjeler ofte er viktige, korleis folkeopplysing er så viktig for fleire av samlarane at dei lagar bibliotek, osb. Men innimellom kjem det altfor mange skildringar av store og små boksamlingar. Nokre finst framleis, andre er delte opp.
Guffen er lunken.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar