23. februar 2020

The Remains of the Day (1993)

Me er på eit britisk gods, i 1950-åra. Ein amerikansk politikar har nett kjøpt det, og han har fått den rutinerte butleren Mr. Stevens på kjøpet. Dei møttest der òg midt i 1930-åra, og mykje av filmen handlar om hendigane då.

Eigaren av godset før krigen, Lord Darlington, sympatiserte med tyskarane. Han er vert for fleire konferansar og møte der toppfolk er til stades - både den britiske statsministeren og den tyske ambassadøren er innom. Stevens er vitne til mange av samtalane, men reagerer ikkje på noko, ikkje eingong då nokre av gjestane bruker han som døme på at dei lågare klassane ikkje burde ha røysterett. Han har eit merkeleg forhold til husmora, han slepper ho ikkje så langt inn som både ho og truleg han vil. Han ordnar jobb til far sin, men reagerer knapt når han mister livet midt under eit av dei mange toppmøta. Han er lojal mot sjefen, han vil vera profesjonell, og stengjer alt ute. Samtalane med amerikanaren etter krigen, og eit møte med husmora i 1950-åra, gjer at han omsider vert klar over at han vart altfor lojal.

Det er ei fin historie, men det som gjer filmen så god er Anthony Hopkins, som spelar Stevens. Han er ekstremt formell heile tida, der han går rundt med det same uttrykket, berre avløyst av nokre høflege smil der det høver seg slik. Med små nyansar og variasjonar får han likevel fram det som rører seg i han, og han er ein fryd å sjå på. Butleren er vanskeleg å lika, der han omtrent ikkje viser kjensler, men Hopkins er glimrande. Det same er Emma Thompson, i rolla som husmora.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar