1. februar 2020

Parasitt (2019)

Denne filmen har fått toppkarakterar overalt. Det får han her òg.

Handlinga føregår i Seoul. Kim-familien bur lengst nede, i ein kjellar i den lågastliggjande delen av Seoul. Dei drøymer om eit rikare liv, der dei har meir pengar og meir stabil wifi, og anar ei løysing då sonen i huset vert hyra inn som privatlærar for dottera i ein rik familie som bur på toppen. I løpet av nokre veker har familien triksa og miksa slik at alle fire arbeider for denne familien. Det er altså berre velstand, og dei er alle godt nøgde. Ei helg reiser rikmannsfamilien på camping, og mora i Kim-familien, som har flytta inn i rikmannshuset som hushjelp, inviterer resten av familien på fest i det huset. Dei er i godt slag, dei drikk godt, og har det heller triveleg.

Akkurat her er det opplagt at rikmannsfamilien kjem heim tidlegare enn planlagt. Så langt har filmen vore svært god, dei fire har lagt gode planar for korleis dei skal tena pengar. Men herfrå og ut er filmen endå betre. Det kjem endå ei vending denne kvelden, som er langt vanskelegare å sjå at kjem, og som òg får langt større følgjer for det som skjer.

Så filmen får toppkarakter. Han er original, han er flott (rikmannshuset er delikat), skodespelet er godt, osb. Og poenget med at nokon bur på toppen og nokon på botnen kjem godt fram då Kim-familien endeleg kjem seg ut frå rikmannshuset etter festen sin - det er ikkje måte på kor mange trappetrinn det er på vegen heim.

Guffen tilrår.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar