26. februar 2020

Ole O. Moen: USAs presidenter (2008)

Moen er ikkje den einaste som har skrive om alle dei amerikanske presidentane, heller ikkje i Noreg. Denne boka kom ut i 2008, det same året som Hans Olav Lahlum gav ut ei bok om det same emnet. Den las eg det året ho kom ut (omtrent), og eg hugsar det som ei litt meir fartsfylt bok enn denne.

Moen har skrive og snakka om USA i mange år. Han vert gjerne henta inn som ekspert ved viktige hendingar i USA, som t.d. presidentval, og det er det ein god grunn til. Han veit mykje om landet, han veit mykje om historia til USA, og han veit mykje om presidentane. Det svingar likevel aldri heilt av denne boka, og eg trur mykje av grunnen er skrivestilen til Moen. Det er litt for formelt, litt for stivt, og litt for lite leikande,

Kvar president vert presentert på lik måte. Bakgrunnen til foreldra, oppvekst, skulegang, ekteskap og familie, politikk, valkamp, president-tida, og ettermæle. Det er ein heilt grei måte å byggja opp boka på, og det er for så vidt ein grei måte å presentera heile historia til USA på. Dei viktige sakene for presidenten var jo ofte dei viktige sakene for landet. Men det skulle altså gjerne vore meir fart i skrivinga.

Guffen er lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar