13. juli 2019

Marion Davies: The Times We Had (1975)

Marion Davies var skodespelar. Mellom 1917 og 1937 laga ho i overkant femti filmar. At ho laga så mange filmar fortel oss fleire ting. Ho har populær. Ho må ha vore ein habil skodespelar. Mange av filmane var relativt korte. Og det vart ikkje lagt altfor mykje arbeid i produksjonen. På det meste spelte ho inn fem filmar i året.

Eg har ikkje sett nokon av desse filmane. Eg har derimot sett ein film som dels handlar om ho, og det er grunnen til at eg las denne boka. Citizen Kane er i stor grad basert på livet til aviskongen William Randolph Hearst. I filmen møter Kane ein kveld Susan Alexander, ei kvinne som har ambisjonar om å verta songar. Ho er aldeles taalentlaus, men Kane bruker både tid og pengar på å gjera henne stor, dels gjennom altfor rause omtalar i avisene sine. Dette er inspirert av forholdet mellom Hearst og Davies. Hearst var gift då han møtte Davies. Kona nekta han skilsmisse, og Hearst og Davies budde i lag i meir enn tjue år, fram til han døydde. Davies var meir talentfull enn Susan Alexander. Framstillinga i Citizen Kane har skapt eit feilaktig inntrykk av at ho ikkje hadde mykje å by på.

Hearst døydde i 1951. Det same året las Davies inn livshistoria si på band, og det er dei opptaka som er grunnlaget for denne boka. Opptaka er transkriberte, og dei to redaktørane har lagt mykje arbeid i å binda det heile saman - her er ei rekkje oppklarande avsnitt og fotnotar. Davies skildrar eit liv i ekstrem luksus, og stiller seg ikkje i eit altfor positivt lys. Ho er naiv, ho forstår ikkje det som skjer rundt seg. At ho tonar ned det som måtte vera av kontroversar er forståeleg, det er jo noko i retning av ein sjølvbiografi, dette.

Guffen er lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar