30. desember 2009

Hans Olav Lahlum: Haakon Lie. Historien, mytene og mennesket (2009)

Eg les mange biografiar. Dei fleste handlar om musikarar, nokre handlar om skodespelarar, nokre handlar om målfolk, og nokre handlar om heilt andre folk. Politiske biografiar har eg lese få av, i farten kjem eg berre på den fine biografien Frank Rossavik skreiv om Einar Førde, Stikk i strid. Om denne Haakon Lie-biografien er starten på ei ny lei, veit eg ikkje, men det er i tilfelle ein grei plass å ta til.

Boka er grundig og informativ, og Lahlum har gjort god bruk av ei rekkje kjelder, munnlege som skriftlege. Han har gjort ei mengd intervju med folk som stod Lie nær, og ei mengd andre folk; han har brukt mange bøker, og har òg hatt tilgang til fleire personarkiv, fyrst og fremst arkivet etter Lie. Lahlum var den fyrste forskaren som fekk tilgang til akkurat dette arkivet.

Haakon Lie var aktiv i norsk arbeidarrørsle frå 1920-åra til han døydde tidlegare i år, godt og vel 103 år gamal. Han var partisekretær i Arbeidarpartiet i 24 år, frå 1945 til 1969, og var såleis svært sentral i norsk politikk i etterkrigstida. Som partisekretær var han strategen bak dei gode valkampane til partiet, som i denne perioden hadde sterk kontinuitet på leiarsida. Einar Gerhardsen var partiformann 1945-65 og statsminister i den same perioden, med unntak av 1951-55, og nokre veker i 1963; Trygve Bratteli var partinestformann 1945-65; og Konrad Nordahl var formann i LO 1939-65. Også redaktørane i partiavisa Arbeiderbladet sat lenge, mellom 1923 og 1974 hadde avisa berre tre redaktørar. Lie stod såleis sentralt då Noreg gradvis vart ein velferdsstat, og Arbeidarpartiet hadde fleire gonger i denne perioden reint fleirtal på Stortinget.

Sett frå utsida var det altså ei harmonisk og samstemd partileiing. På innsida var motsetnadene større. Lie og Gerhardsen stod på kvar sin fløy i partiet, og gradvis vart det større avgrunn mellom dei. Lie sokna til høgresida i Arbeidarpartiet. Han var ein nær ven av USA og av Israel; og Lahlum sporar begge desse venskapane attende til andre verdskrigen. Då var Lie lenge i USA, og fekk sansen for landet, for å seia det mildt. Han fekk òg sterk sympati for jødane under andre verdskrigen, og den nære venskapen med Israel heng saman med dette. Mot slutten av livet nyanserte han oppfatningane sine av desse to landa. Tidlegare var dette ein av måtane han kategoriserte andre personar på - var dei usamde med han i synet på Israel, var dei ikkje noko å samla på.

Lie hadde ein brysk og lite sympatisk veremåte. Han hadde eit heftig temperament, og brukte ofte ord som ikkje passa i samanhengen. Han var likevel stor nok til å be om orsaking, der det var behov for det, og han kunne òg skifta syn på personar, i alle fall der dei ikkje hadde kritisert han offentleg.

Lahlum har arbeidd lenge med biografien, og har ikkje greidd å styra unna ei felle som er vanleg for biografar. Han får eit litt for nært forhold til personen som vert biografert, og har lett for å forsvara han, der andre kunne drege andre konklusjonar. Han skriv fleire stader at Lie mot slutten av livet vart eit nasjonalt ikon, og det slit eg med å akseptera. Ein slik tittel kan ikkje delast ut i tide og utide, og kan ikkje brukast om ein person som vert ikonifisert av berre delar av landet. For arbeidarrørsla heng Lie høgt, men det er ikkje nok. For dei politisk interesserte - kanskje. For dei generelt interesserte - neppe. Alle dei andre, som jo er i stort fleirtal, anar truleg ikkje kven Haakon Lie var, og veit i alle fall ikkje nok om han til å omtala han som eit nasjonalikon.

Språket i boka er ikkje alltid like godt. Ein ting er at han heile tida omtalar både Lie og Gerhardsen med både førenamn og etternamn, ofte hektar han òg på titlane deira. Ein annan ting er at mange setningar og avsnitt ikkje er gode. Han skriv til dømes "Den 48 år gamle Einar Gerhardsen var oligarkiets mektigste medlem. Trygve Bratteli var med sine 35 år yngst, og Haakon Lie med sine 40 år nest yngst. Med sine 66 år var Martin Tranmæl den klart eldste. De to skulle da også bli sittende lengst." Kven er "de to"? Og han skriv "Var det en realitet eller myte? Bruker man en snever definisjon etter tysk modell, ... er svaret etter alt å dømme nei".

Han bruker òg det han omtalar som totempometoden, der boka har eit annotert notesystem. Det irriterer. At alle reine referansar er plasserte til slutt, er sjølvsagt greitt, men at så mykje viktig informasjon er samla i sluttnotar, er berre tull. Han meiner at allmennlesaren vil finne det ho/han treng i basisteksten, medan ekspertlesaren finn mykje av nytte i dei rundt hundre sidene med notar. Finst det allmennlesarar på ein 780 sider lang biografi, sluttnotane medrekna? Dei som les denne boka, vil heile tida bla fram og attende, for å sjå kva som står i notane, og då hadde det vore betre å ha alt samla. Eventuelt å samla reine referansar til slutt, og å ha informative fotnotar fortløpande gjennom boka. Nokre stader kjem vurderingane til Lahlum i sluttnotane. I basisteksten skriv han at Lie i 1991 fekk Eilert Sundts forskingspris. I ein sluttnote står det "prisutdelingen må ut fra tidligere nevnte innvendinger mot Haakon Lies bøker som forskningsarbeider sies å være høyst diskutabel". Kvifor allmennlesaren skal sparast for denne vurderinga, er ikkje godt å seia.

Guffen tilrår.

Meir Lahlum på kulturguffebloggen
Reiulf Steen. Historien, triumfene og tragediene (2019)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar