Viser innlegg med etiketten Mørkhagen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mørkhagen. Vis alle innlegg

28. august 2016

Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)

Dette er den avsluttande boka i ein trilogi som berre tidvis har imponert meg. Eg var lenge i tvil om eg skulle lesa denne, og tok eit langt opphald midt i boka, men las ho ut no i helga. Eg sit att med same inntrykket som etter dei to fyrste banda - her er mykje interessant, Mørkhagen har gått langt og grundig inn i kjeldene, men samstundes greier han ikkje å engasjera gjennom heile boka.

Dette har kanskje vore den vanskelegaste boka å skriva av dei tre. Han er innom ei rekkje emne, han fortel om mange interessante og mange mindre interessante norskamerikanarar, og av og til verkar det som om han har skrive ei rekkje artiklar som er sett saman til ei bok. Nokre av kapitla er litt malplasserte, det er til dømes vanskeleg å skjøna kvifor han bruker tre kapittel, meir enn femti sider, på å fortelja om den andre verdskrigen. Her handlar det lite om det norske Amerika, og meir om tilhøvet mellom Noreg og Amerika. Eg synest òg han skriv altfor mykje om Sonja Henie, og om Hubert Humphrey og Earl Warren. Begge dei to siste var viktige i amerikansk politikk i 1960-åra. Dei får nok plass i denne boka for å visa at norskamerikanarar markerte seg på nasjonalt plan, men dei to ser ikkje ut til å ha vore utprega opptekne av etnisiteten sin. Og uansett kunne det altså vore korta ned.

Mørkhagen tek seg fint inn att når han skriv om korleis det norske Amerika er i dag (eller i 1975, når han sluttar framstillinga si). Og boka sluttar med nokre svært fine oversyn og norskamerikanske lag og organisasjonar.

Mot slutten kjem det forresten òg eit fantastisk sitat frå 1975, under hovudfesten under markeringa av at det var 150 år sidan masseutvandringa frå Noreg til USA tok til. Eric Sevareid, eit kjent amerikansk fjernsynsfjes, heldt ein tale retta til bestefar sin, som hadde utvandra frå eit land som nett hadde funne store mengder olje i Nordsjøen:

"Stor rikdom fra havbunnen utenfor ditt gamle land truer nå den livsform som har holdt seg så sterk og så lenge i ditt folk. Men folket ser faren. De vet, på grunn av vår skjødesløshet, hva som kan skje med dem. De står overfor en styrkeprøve når det gjelder fremsynthet og sunt vett. Norge er i ferd med å bli et kritisk forsøkslaboratorium, som vil sette på prøve dets evne til å skape et liv i fornuft og forstand under et enormt press for å frembringe det motsatte. Vi her, og resten av verden, vil se på Norge." Hm.

Guffen er lunken.

Meir Mørkhagen på kulturguffebloggen
Farvel Norge (2008)
Drømmen om Amerika (2012)

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)
Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)
Ole E. Rølvaag: Their Fathers' God (1931)

Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)
Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)
Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone (1968)
Utvandrarna (1971)
Nybyggarna (1972)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Gjerde & Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)
David M. Krueger: Myths of the Rune Stone (2015)
Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)
Odd S. Lovoll: Colonel Hans C. Heg and the Norwegian American Experience (2023)

26. desember 2013

Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)

Eg er nok over middels interessert i den norske utvandringa til Amerika. Eg skreiv hovudoppgåve om det, eg har skrive fleire artiklar om ulike sider ved utvandringa, og dei tre siste gongene eg har vore i USA var eg invitert dit for å halda foredrag. Det er difor litt uventa at ei så omfattande bok som denne ikkje greier å engasjera meg stort.

Boka er ein del av ein trilogi. I den fyrste boka, Farvel Norge, handla det om reisa frå Noreg; denne handlar om livet i Amerika fram til 1900, medan det siste bandet skal handla om livet i Amerika fram til 1975. Det som fengar meg mest er det Mørkhagen skriv om pionerane, dei som i den tidlegaste tida søkte opp nytt land, og etablerte norskamerikanske koloniar. Her har Mørkhagen svært god kontroll på stoffet sitt, han ser kva personar han bør følgja, og han ser kva emne som fortener utdjuping.

Diverre greier han det ikkje like godt utover i boka. Nokre emne får altfor stor plass, det er til dømes uforståeleg at han bruker så lang tid på den amerikanske borgarkrigen. Han skriv for mykje om dei norske som var med, og bruker i tillegg mykje plass på å referera sjølve krigen. Det norske regimentet frå Wisconsin hadde lenge heltestatus i det norske Amerika, saman med obersten deira, Hans Christian Heg, men Mørkhagen ser ikkje ut til å kopla dette saman med opphavsmytene fleire har skrive om. At norskamerikanarar var med på å reisa ei statue av heg utanfor parlamentet i Madison, Wisconsin, handlar mykje om at dei ville visa at også dei hadde folk som hadde kjempa for det nye landet sitt.

I det heile er Mørkhagen betre når han fortel, enn når han forklarar og analyserer. Skrivestilen hans er heller ikkje altfor spenstig, det er ei bok rensa for humor, og han er i tillegg litt for glad i å bruka avsnitt med berre ei setning. Mange av kapitla sluttar til dømes på denne måten. Eit kapittel vert avslutta med at norskamerikanarar òg slo seg ned i dei sørlege delane av USA, og fleire føregangsmenn vert nemnde. Så kjem det eit einsetnings-avsnitt til slutt: "Én person til bør ikke glemmes - og igjen er navnet Cleng Peerson". med ein sånn slutt reknar i alle fall eg med at Peerson har ei sentral rolle i det neste kapitlet - han vert knapt nok nemnd i det heile. To kapittel sluttar med eit hint om at det neste skal handla om politikaren Knute Nelson, den eine gongen rett nok utan å nemna namnet hans, men det er ikkje før det tredje slike frampeiket at me endeleg får høyra om Nelson.

Korleis kunne Mørkhagen treft meg meir? Han kunne skrive meir om korleis dagleglivet var i dei norskamerikanske miljøa. Korleis var det med skulegangen? Korleis gjekk det med språket? Korleis endra kosthald og klesskikkar seg? Korleis takla immigrantane overgangen frå å vera norske til å verta norskamerikanske? For meg ville det vore langt meir spanande enn lange og mange kapittel om dei norskamerikanske trussamfunna.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)
Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)
Ole E. Rølvaag: Their Fathers' God (1931)

Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)
Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)
Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone (1968)
Utvandrarna (1971)
Nybyggarna (1972)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Gjerde & Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)
David M. Krueger: Myths of the Rune Stone (2015)
Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)
Odd S. Lovoll: Colonel Hans C. Heg and the Norwegian American Experience (2023)

27. januar 2010

Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)

Av og til er eg inne i ein god lesestim. Eg les mykje, og har lyst til å lesa meir. For nokre år sidan kjøpte eg Skrifter i samling av Arne Garborg på Haugen bok. Dei tolv banda gjekk som ein draum, og rett etterpå las eg dagbøkene til Garborg, i seks band. Eg kjøpte inn dei to biografiane Tor Obrestad skreiv om Arne og Hulda, men Arne-biografien tok knekken på leselysta. Boka var uventa livlaus, og Hulda-biografien står framleis og ventar, 5-6 år etter at han vart kjøpt inn.

Denne boka tek opp arven etter Arne-biografien. Eg har lese mykje i det siste, og har ei rimeleg stor interesse for utvandring, så det meste låg godt til rette for at eg skulle lika denne boka. Likevel tok det ikkje lang tid før eg gjekk lei. Eg har vore gjennom heile boka, men mange stader var det rein skumlesing.

Mørkhagen har gjort eit grundig arbeid. Det skal han ha pluss for, og det er òg bra at han dreg linene heilt fram til våre dagar. Bakdelen er at han ikkje er god nok til å sortera vekk stoff. Det er grenser for kor mange båtreiser over Atlanteren som treng å skildrast detaljert. Passasjerlister, reiseruter, kor mange båtar kvart år, osb - det vert etter kvart eit slit å hengja med. Han bryt det opp med å fortelja om enkeltpersonar, korleis dei førebudde seg og korleis det gjekk under overfarten og korleis det gjekk i USA, men desse avbrota vert òg svært like. Boka har ein del bilete - altfor, altfor mange av desse er av båtar.

Han skriv ein del om Voss. Diverre finn eg fleire feil og manglar akkurat her. To gonger skriv han at Voss ligg i Hardanger. Han skriv at utvandringssoga til Knud A. Rene kom i to band, i ny utgåve i 2003. Han er usikker på om dei tre som ikkje fekk båtplass i 1836 utvandra i 1837. Og han nemner ikkje Vossing Correspondance Society, som var den fyrste norskamerikanske foreininga, heller ikkje Vossing Emigration Society, eller avisa dei gav ut, Vossingen. Han kan sjølvsagt ha valt å velja dette vekk, men for meg verkar det like truleg at han ikkje har kjent godt nok til det.

Mørkhagen lovar oss eit band til, i 2010. Det skal handla om det norskamerikanske livet i USA. Det er meir mitt interessefelt, så det er fare for at eg kjøper den boka òg. Men det vert med ein djup skepsis.