Viser innlegg med etiketten Nederland. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nederland. Vis alle innlegg

20. juli 2025

Nescio: Unge titanar (1918)

Det er spanande å la andre velja bøker for deg - det er ein god inngang til å møta nye forfattarar. I dette tilfellet er det òg ein forfattar frå eit land eg les svært lite frå. Nescio hadde ein relativt liten produksjon, men i etterordet her fortel omsetjaren, Robin Van de Walle, at Nescio har fått ein høg status i heimlandet. Desse tre novellene vert omtalte som hovudverket hans, og vart skrivne mellom 1909 og 1917. 

Dei to fyrste novellene, "Snyltaren" og "Unge titanar", handlar (stort sett) om dei same mennene. Dei er unge, dei er lovande, dei vil skapa noko. Dei er bohemar, eller kanskje dei berre vil vera det. Dei har ikkje fått til alt dei vil, men dei er optimistar med stor tru på framtida si. Den siste novella, "Ein liten poet", fortel om ein poet som går drøymande gjennom livet - han møter både Gud og Djevelen, og han drøymer om jenter. 

Eit tema i alle tre novellene er overgangen frå ungdom til vaksen, frå eit fritt til eit meir etablert liv. Somme stadar kan me merka ein motvilje mot å gå gjennom denne prosessen, samstundes som det verkar uunngåeleg.  

Guffen er lunken. 

15. mai 2023

Geert Mak: Store forventninger (2020)

For femten år sidan gav Mak ut ei fin bok om Europa gjennom det tjuande hundreåret. Denne boka er ein slags oppfølgjar, der han skriv om dei fyrste tjue åra etter tusenårsskiftet. Det er ikkje den lystigaste boka eg har lese, og når han i eit etterord skriv om korleis mange av landa i Europa reagerte då pandemien dukka opp, vert ein ikkje akkurat optimist.

Mak stoppar opp ved ulike hendingar. Han held seg stort sett til Europa, men etter at Trump går inn i den amerikanske politikken skriv han òg mykje om USA. I det kapittelet kjem det ei setning som eigentleg oppsummerer heile den tida me lever i: "Vi begynte uunngåelig å synes at det uvanlige var vanlig". Trump er jo ikkje åleine; det dukkar opp tullete politikarar overalt, politikarar som er ute av stand til å sjå heile biletet. Nokre få unntak finst det, og Mak er stort sett positivt til Angela Merkel.

Terror, flyktningar, økonomikrise, klimaendringar, pandemi - lista over ubehagelege emne er lang. Mak reiser rundt i Europa og snakkar med folk, han reiser på bibliotek og internett for å samla informasjon, og presenterer eit rikt og klokt bilete av verdsdelen. 

Guffen tilrår. 

Meir Mak på kulturguffebloggen
In Europe (2004)
USA. En reise (2012)

8. august 2019

Geert Mak: In Europe (2004)

Utgangspunktet her er heilt fint: Gjennom heile 1999 reiste Mak gjennom Europa, i fotspora til den europeiske historia på 1900-talet. Han reiser frå by til by, frå plass til plass, og fortel om ting som hende der. Nokre av hendingane han fortel om endra verdshistoria, nokre endra den europeiske historia, andre endra den nasjonale historia, medan andre igjen kanskje ikkje var så viktige for andre enn den eller dei det handlar om.

Innvendingane fyrst: Det er ikkje alltid like greitt å få tak på kvifor Mak reiser. Mange stader snakkar han med folk, og nokre kapittel opnar med fleire sider lange sitat frå ulike folk. Desse sitata er fine, men Mak trong ikkje reisa i dagevis for å gjera dei intervjua. Han kjem òg til stader der han ikkje snakkar med nokon, men berre fortel kvifor denne staden var viktig. Det kunne han òg gjort frå skrivebordet heime. Språket er òg stivt, men det reknar eg med at skuldast omsetjaren.

Men det meste i boka er bra. Han er ein god forteljar, og får godt fram korleis utkantane av Europa er mindre viktige, korleis Europa heile tida har vore prega av maktkampar mellom dei største landa, korleis Europa vert meir og meir homogent, og korleis nokre få personar prega hundreåret som gjekk. Den andre verdskrigen får størst plass, sjølvsagt, og Hitler og Stalin er av dei det står mest av i heile boka.

Guffen tilrår.

Meir Mak på kulturguffebloggen

21. november 2017

Anton Corbijn: 1-2-3-4 (2015)

Anton Corbijn er ein av dei store rocke-fotografane. Han har òg laga videoar og filmar, men det er fotografia hans som festar seg fyrst. Han tok mellom anna nokre av dei ikoniske bileta av Joy Division, mellom anna det der dei står ved nedgangen til ein undergrunnsstasjon.

Det er litt uventa at denne boka er heilt utan Joy Division-bilete. Det er likevel nok av godbitar her. Nokre artistar går att, artistar han har fotografert mange gonger - John Lydon, Metallica, U2, Siouxsie (av og til med the Banshees), Depeche Mode, Tom Waits, Nick Cave, R.E.M., osb. Det er altså ikkje berre artistar eg set høgt, her er jo òg artistar som er direkte irriterande, men bileta er bra.

Corbijn er ein meister i å bruka kontrasten mellom svart og kvit. Det svarte i bileta hans er verkeleg svart, og det skapar ofte ei kjensle av uhygge. Her er samstundes mykje å smila av, han likar å gje motiva sine løgne hattar eller kostyme. Dei beste bileta er av dei som tek dette med ein gong, som ser at det vil fungera visuelt dersom dei tek på seg dei rare hattane. Slik som Waits, Cave eller R.E.M.

Guffen tilrår.

15. oktober 2013

Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)

Dennis Bergkamp er noko av det elegantaste som har vist seg på ein fotballbane. Han er frå Holland, og spelte (heldigvis) det meste av karriera si på Arsenal. Han var ikkje berre elegant, han hadde òg ein uvanleg god ballkontroll, og hadde i tillegg eit overblikk og ein pasningsfot det er få forunt å ha. Eg veit sjølvsagt ikkje dette sikkert, men reknar med at han var ein spelar dei fleste likte å sjå, ikkje berre dei som sokna til Arsenal.

Fotballbiografiar er ofte traurige saker. Her har dei valt ei lovande løysing, der det går meir på tema enn kronologi. Litt kronologisk er det, men ikkje på den måten at ein går gjennom kvar kamp Bergkamp var involvert i. Kapitla tek ofte utgangspunkt i dei mest sentrale prestasjonane hans - målet mot Argentina i 1998, målet mot Newcastle, dei mange målgjevande, debuten for Ajax som 16-åring, straffebommen mot Manchester United, flyskrekken - før det går over til reine intervju oftare knytt til ulike tema. Oftast med Bergkamp sjølv, men òg andre kjem til orde. Det ligg litt i sjangeren at folk vert rosa i slike intervju, men det er ikkje måte på skryt Bergkamp får.

Alt i alt gjev boka eit godt bilete av Bergkamp, sjølv om ein alltid må lesa sjølvbiografiar med ei klype salt. Han verkar veldig målretta, på alle måtar, og verkar òg relativt oppegåande. I alle fall til fotballspelar å vera.

Guffen tilrår.

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
Paul McGuigan og Paolo Hewitt: The Greatest Footballer You Never Saw (1997)
John Aizlewood: Playing At Home (1998)
Uli Hesse: Tor! (2003)
David Peace: The Damned United (2006)
Jonathan Wilson: Inverting the Pyramid (2008)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgina Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)
Diego Maradona (2019)
Steffen (2020)
Alfred Fidjestøl: Mine kamper (2020)
Nils Henrik Smith: 11 meter (2020)
Nils Henrik Smith: Entusiasme og raseri (2021)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 1 (2021)
Alt for Norge (2021)
FIFA Uncovered (2022)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 2 (2023)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Nick Hornby: Fever Pitch (1992)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)
Alan Smith: Heads Up (2018)
Amy Lawrence: 89 (2019)
Arsène Wenger: My life in Red and White (2020)
Arsène Wenger. Invincible (2021)

25. mai 2013

Geert Mak: USA. En reise (2012)

I 1960 la John Steinbeck ut på ei reise gjennom USA, saman med hunden sin Charley. Nøyaktig femti år seinare la den nederlandske journalisten Geert Mak ut på den same reisa. Han vil heidra Steinbeck og reisa hans, men han vil òg gjera seg kjend med USA, eit land han har vitja mange gonger før. Saman med kona si reiser Mak i fotspora til Steinbeck, frå Long Island i nordaust og motsols rundt USA, fyrst langs grensa til Canada, så sørover langs stillehavskysten, og deretter austover mot New Orleans, der turen til Mak sluttar.

Det er ei grei bok, sjølv om ho kanskje sprikar litt for mykje. Der er mange referansar til Steinbeck, sjølvsagt. Mak har studert samlingar med brev Steinbeck sende, han har lese biografiar om mannen, og går aldri lei av å nemna at Steinbeck i Travels with Charley ikkje skreiv sanninga. Han opererte med altfor lange dagsetappar, han nemnde ikkje at kona var med store delar av turen, han skreiv lite om at han ofte la seg inn på store og komfortable hotell (i staden for å sova i bilen sin), og han dikta opp samtalar med fastbuande og andre reisande.

Det grundige arbeidet med å verta kjend med Steinbeck er typisk for denne boka. Mak skriv sjølvsagt om ting han opplever, folk han møter og stader han køyrer gjennom, men ofte skriv han langt om hendingar i amerikansk historie. Spesielt mot slutten av boka kjem det nokre lange sekvensar om korleis USA har oppført seg rundt om i verda dei siste 60-70 åra. Boka vekslar altså mellom å vera ei reiseskildring og ei historiebok. Det hadde fungert langt betre om desse avsnitta var henta frå folk han møtte, no vert det berre middels vellukka.

Middels er òg eit passande ord for å skildra omsetjinga. Her er ei rekkje merkelege ord og uttrykk. " 'Folk arbeider ikke for deg', hørte Gunther si." "Han kjørte i motvind og kjende de bankende, iblant rykkende kastene i stormen som han hjalp til å vekke". "Jeg har aldri sett noen del av skaperverket så uttømmende eksploatert som disse vannfallene". Det står om "en halvveis åpen jernbanebro", der det er opplagt at det burde stått øydelagd i staden for open.

Guffen er lunken.

Meir Mak på kulturguffebloggen
In Europe (2004)
Relatert på kulturguffebloggen
Travels With Charley (1962)

22. mai 2012

Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rart. Eg såg denne boka i Stockholm for ein månad sidan. Eg tenkte at ho kunne vera verdt å lesa, og tinga ho frå Amazon. Boka kom, og eg lurte på kvifor eg i alle dagar hadde kjøpt denne. Både medan eg las ho, og no etterpå, er eg glad for at eg gjorde det.

Det er ei litt annleis fotballbok. Kuper er ein kunnskapsrik og velskrivande journalist, som her har samla ei rekkje artiklar om fotballspelarar, managerar, og nokre andre med tilknyting til fotball. Han har ingen illusjonar om at fotballspelarar har noko fornuftig å seia, så han skriv heller om andre sider ved dei, eller om korleis han (eller andre fotballspelarar) vurderer dei han skriv om. Det er ei god vinkling, og sidan Kuper har sans for humor, vert det høgst lesverdig. I staden for å skriva om det målet til Maradona, skriv han om kva det argentinske laget snakka om i garderoben etterpå.

Av ein eller grunn kjem han fleire gonger tilbake til Wayne Rooney, for å streka under at fotballspelarar ikkje er så oppvakte. Alt i innleiinga skriv han at "I do believe that you can access truths about the game by speaking to Arsène Wenger. I don't believe you can access them by speaking to Wayne Rooney". Seinare skriv han at "It's hard to know what Rooney thinks, because he rarely speaks in public, and has never been heard to say an interesting sentence in his life". Og "There are two types of British footballers: ugly ones like Rooney, Paul Gascoigne and Nobby Stiles, and pretty ones like Beckham and Michael Owen. The British public usually prefers the ugly ones". Når han skriv om fem sjølvbiografiar av engelske fotballspelarar, strekar han under at dei fem "are not necessarily stupid", men tek eit atterhald for Rooney. Og Ashley Cole.

Jamt over er her altså litt å smila av. Om Johan Cruijff står det mellom anna at han har så sterk vinnarvilje at han faktisk juksar når han spelar Monopol med ungane sine. Om Beckham står det at stemma hans er så "high-pitched that some words are audible only to certain breeds of dogs". Kuper, som kjem frå Holland, seier det som det er. Han er ikkje redd for at spelarane tek det ille opp, dei fleste av desse les korkje aviser eller bøker, og det skal me som les boka vera glade for.

Guffen tilrår.

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
Paul McGuigan og Paolo Hewitt: The Greatest Footballer You Never Saw (1997)
John Aizlewood: Playing At Home (1998)
Uli Hesse: Tor! (2003)
David Peace: The Damned United (2006)
Jonathan Wilson: Inverting the Pyramid (2008)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Rob Smyth og Georgina Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)
Diego Maradona (2019)
Steffen (2020)
Alfred Fidjestøl: Mine kamper (2020)
Nils Henrik Smith: 11 meter (2020)
Nils Henrik Smith: Entusiasme og raseri (2021)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 1 (2021)
Alt for Norge (2021)
FIFA Uncovered (2022)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 2 (2023)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Nick Hornby: Fever Pitch (1992)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)
Alan Smith: Heads Up (2018)
Amy Lawrence: 89 (2019)
Arsène Wenger: My life in Red and White (2020)
Arsène Wenger. Invincible (2021)