19. februar 2010

James Loewen: Lies Across America (1999)

I Almo, Idaho, står det eit minnesmerke med denne teksten: "Dedicated to the memory of those who lost their lives in a horrible Indian massacre, 1861. Three hundred immigrants west bound. Only five escaped." Minnesmerket vart sett opp i 1938, og fortel om den enkeltepisoden der flest kvitingar vart drepne av indianar. Der er berre eit ørlite problem - det var aldri nokon slik massakre.

Loewen gav i 1995 ut boka Lies My Teacher Told Me, og denne boka kom fire år seinare. Her fortel han om 95 av dei mange minnesmerka i USA, og korleis dei ikkje fortel heile sanninga. Av og til kan det vera språkbruken som er kritikkverdig, det kan vera minnesmerke som er sett opp for å heidra folk som ikkje treng heider, og, slik dømet over viser, det kan vera reine fantasiar.

Det er ei litt trist bok, sjølv om det han viser ikkje er så overraskande. Det er òg ei underhaldande bok. I Kentucky kan ein framleis vitja det vesle huset Abraham Lincoln skal ha vore fødd i. I 1895, tretti år etter at Lincoln vart drepen, fekk eigedomen han voks opp på nye eigarar. Dei såg eit visst potensiale her, kjøpte eit gamalt hus på nabogarden, sette det opp på eigedomen sin, og marknadsførte det som huset der Lincoln var fødd. Det tok ikkje heilt av. Dei viste fram huset på ei utstilling i Nashville, Tennesee, og der hadde dei like godt kjøpt eit anna gamalt hus, som dei meinte var fødestaden til ein annan død president, Jefferson Davis. Det vart etter kvart større interesse for å vitja huset, som vart flytta tilbake til Lincoln-garden, og for å verna det vart det bygt eit vernande hus rundt det. Det vart litt trongt for publikum i dette nye huset, så det var ikkje anna å gjera enn å endra storleiken. På det utstilte huset, ikkje på det vernande nybygget.

Loewen har ikkje sett alle monumenta i USA. Nokre statar har gjeve ut bøker med teksten frå alle monumenta i deira stat, men det er uråd for éin person å vurdera alt dette. Han skriv at han hadde planar om å gjera det, heilt til han såg eit oversyn over kor mange monument og markørar det var i Texas. Der er 12 000 slike monument - nær helvta av alle i USA. Viss han las ein monument-tekst i minuttet ville han bruka 200 timar berre på lesinga.

Monumenthysteriet i Texas har forresten ført til at nokre luringar tener pengar på ein grei måte. To ulike selskap sel køddeskilt, som liknar på dei offisielle. Loewen har eit par døme på slike tekstar. "On March 2, 1836, Texas declared her independence from Mexico, while the Comanches roamed the Prairie, Rangers protected frontier settlements, and this building was not here yet." Eller "On April 21, 1836, Texas troops under Sam Houston won independence, as they shouted out, 'Remember the Alamo', When we tried that here, the neighbors complained about the noise."

Det viktigaste denne boka viser at ein bør lesa teksten på monument med ein viss skepsis. Kven har skrive teksten, og kva historie vil dei fortelja? Kva har dei teke med, og kva har dei ikkje teke med? I tilfellet USA må ein òg spørja seg korleis indianarar eller slavar ville ha skrive teksten. Loewen skriv til dømes om fleire monument der ordet "settlers" tyder kvitingar; at mange indianarar var rimeleg bufaste vert ignorert.

Ein vert altså lurt når ein ser historiske minnesmerke. Likevel er det vanskeleg å endra dei. Dei som bur i Almo vil ikkje at monumentet over dei 295 som vart drepne av indianarar skal fjernast, sidan dei meiner at hendinga faktisk fann stad, trass i at der ikkje finst noko prov for det.

Guffen tilrår.

Meir Loewen på kulturguffebloggen
Sundown Towns (2005)
Lies my Teacher told Me (2007)
Lies My Teacher Told Me About Christopher Columbus (2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar