19. februar 2011

Chris Ware: Jimmy Corrigan, the Smartest Kid On Earth (2000)

Fy fasan. Denne er god.

Eg er ikkje spesielt oppdatert på teikneseriar. Eg las og kjøpte mange seriar i åttiåra, og er framleis ofte innom kjellaren på Tronsmo, men eg har slettes ikkje god oversikt over feltet. Eg har difor ikkje god føresetnad for å vurdera om dette verkeleg er den beste serien som er laga, slik det ofte vert hevda, men det som er sikkert er at det er ein svært solid serie. Eg hugsar eg intervjua Steinar om teikneserieinteressa hans, for Horda Tidend, og han snakka om at ein god serie kunne gje han like mykje som ein god roman. Det er få seriar som har gitt meg like mykje som denne.

Det er ein ordknapp serie. Serien handlar om Jimmy Corrigan, ein trettiseks år gamal mann som slit med andre folk. Han har ingen vener, han er ekstremt sjenert, og han anar ingenting om smalltalk. Han har ingen kontakt med far sin, men snakkar dagleg med mora på telefon. Ein dag ringjer faren og seier at han gjerne vil ha sonen på vitjing. Sonen tek turen, og det vert sjølvsagt nokre pinlege dagar. Fyrst vert sonen påkøyrd av ein bil, deretter er faren i ei bilulukke. Jimmy møter den svarte adoptivdottera hans, og slit med å koma innpå ho òg. Slik vert det òg når han møter bestefaren. Far hans døyr av skadene, og Jimmy reiser attende til heimbyen sin.

Serien er godt fortalt. I eit langt flashback ser me at bestefaren òg hadde det vanskeleg som barn, der dei andre ungane lo av han, og der faren forlot han. Serien er òg fabelaktig teikna. Corrigan har eit ufatteleg trist fjes, som vert tristare og tristare utover i serien. Teikningane får fram kor tomt han har det, kor einsam har er. Rutene har ulik storleik, men alle er firkanta, og det kan godt vera opptil seksten ruter på dei små sidene. Lesaren kjem tett innpå den stakkars mannen, og får medkjensle med han. Det er ein serie eg kjem til å lesa om att.

Guffen tilrår.

Meir Ware på kulturguffebloggen
Rusty Brown (2019)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar