28. mars 2012

Stig Sæterbakken: Gjennom natten (2011)

Tannlegen Karl Meyer feirar jol saman med kona si og dei to borna deira. Dei lever i sin eigen tidssyklus, den einaste månaden som finst er desember, slik at så snart jola er over, er dei i gang med å laga ein ny adventskalender, og i gang med å planleggja ei ny jolefeiring. I desse jolemånadene er det ingen konfliktar, alt er harmomi. Det er så harmonisk at det vert i meste laget. Det gjer faktisk vondt å lesa det. Det er berre noko Meyer innbiller seg. Det er eit harmonisk liv der han i gitte situasjonar ikkje reagerer slik han reagerte i det verkelege livet.

Desse jolefeiringane kjem mot slutten av romanen. Den fyrste delen handlar om eit samlivsbrot. Meyer finn seg ei elskarinne, og flyttar ut frå familien. Etter ei tid flyttar han attende, men då er skaden alt gjort. Det vert aldri det same, og spesielt forholdet til sonen er heilt øydelagt. Han tek livet sitt, og dei tre attlevande kjem ikkje heilt over det. Det er kanskje difor det er vondt å lesa om dei harmoniske desembermånadene - Meyer veit inderleg godt at det er hans feil at all harmoni forsvann frå familien hans.

I den andre halvdelen av boka reiser Meyer gjennom Europa. Det vert gradvis myrkare stemning i boka. Det toppar seg då han oppsøkjer eit hus i Slovakia, eit hus han har nemnt fleire gonger tidlegare i boka. Det kostar pengar å gå inn i huset, og dei som kjem inn der vert konfrontert med det verste dei kan tenkja seg. Meyer går rundt i huset, vert litt skremt, men verkar litt overraska over at det ikkje er meir skremmande. Heilt til han ser dei tre familiemedlemmane sine sitja rundt kjøkenbordet.

Fleire har sagt det før meg: Det siste korte avsnittet i romanen endrar alt saman. For meg var det eit glimrande grep, og gjev meg lyst til å lesa boka ein gong til. Kor mange signal har Sæterbakken lagt ut om dette? Dei finst heilt sikkert - det kjem eit klart hint då han går gjennom huset i Slovakia, men det kan ha vore fleire, som eg ikkje festa meg ved.

Guffen tilrår.

Meir Sæterbakken på kulturguffebloggen
Ikke forlat meg (2009)
De Press. Block to Block (2011)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar