1. desember 2025

Håvard Rem: Hank (2012)

Eg har aldri vore på konsert med Turboneger. Der er nokre godkjende songar på den eine plata eg kjøpte med dei, Acopalypse Dudes, men det var likevel noko teikneserie-aktig over bandet. Men, til liks med alle andre i Noreg - det var vanskeleg å ikkje verta kjend med bandet. Dei visste å bruka media, som ofte skreiv om dei. Og det var vel det som var grunnen til at eg kjøpte denne boka nyleg. 

Boka skriv uventa lite om Turboneger. Det overraska meg, men det er eit godt grep. Det er vokalisten, Hans-Erik Syvik Husby, denne boka handlar om. Om Turboneger står det mest om usemje om pengar, og om kor vanskeleg det var for Husby å halda seg nykter på turneane. Eller - han prøvde vel ikkje så veldig hardt.

Husby levde eit hardt liv. Han vaks opp i ein god familie i Nordland, men alt vart snudd på hovudet då mora døydde av brystkreft - det skjedde like godt på seksårsdagen til Husby. Det vart altfor mykje flytting, det vart altfor mange stemødrer, og det vart etter kvart altfor mykje dop. Husby er ei av kjeldene til boka, og han snakkar fritt om alt det dumme han har gjort. 

Etter at han vert rusfri vert livet hans betre, men samstundes mindre eigna for ein biografi. Han vert skodespelar, han held framleis konsertar, og han vart ein varm støttespelar for scientologi-kyrkja. I denne bolken kjem det nokre lange sitat frå talar han heldt, og her burde nok nokon ha kutta det ned litt. 

Husby er altså ei av kjeldene, men Rem har òg snakka med mange andre. Av og til flettar han informasjonen inn i teksten, av og til får teksten form av intervju, av og til får andre føra ordet gjennom eit heilt kapittel. Det er eit godt grep.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar