14. februar 2012

Frå arkivet: The Beste: En sang for åtte kroner, en lomme full av rusk, og firogtjue troster i damens rosenbusk (1985)

Dette har eg sagt før: Det var mykje bra med Morgenbladet-kåringa i fjor, men det var òg mykje mindre bra. At eg ville hatt nokre plater høgare oppe og andre lengre nede er ein ting, verre er det at nokre artistar mangla heilt. Det aller verste var at denne plata ikkje var med. Gode forklaringar er vanskeleg å sjå - det kan ha spelt inn at plata ikkje kom på CD før etter at kåringa var over, og at ho altså ikkje har vore tilgjengeleg på tjuefem år.

Ein gong midt i 1990-åra brukte ein journalist i Arbeiderbladet uttrykket "De fire store" om DeLillos, DumDum Boys, Raga Rockers og Jokke & Valentinerne. Omgrepet har festa seg, og vert til og med brukt av banda sjølv, i Kjøtt-boka til Bernt Erik Pedersen omtalar Michael Krohn dei fire gruppene som dei fire store. For meg er det ein meiningslaus påstand, ein kan ikkje berre gje ord ny meining på den måten der. Viss dette er dei fire store, måtte jo ordet "stor" tyda noko slikt som "heller kjedelege band som ikkje har noko interesse av å fornya seg, men som likevel er rimeleg populære". I hovudet mitt er der berre tre store band i norsk rock, Motorpsycho, Jaga Jazzist og The Aller Værste!

Dei to fyrste av desse er med av openberre grunnar. TAV! hadde ei heller kort karriere, men ho var likevel full av glimrande musikk, og etter at dei vart oppløyst var medlemmane med i ei rekkje spanande prosjekt. Dette er det mest vellukka av dei. Tre frå TAV!, Lasse Myrvold, Sverre Knudsen og Harald Øhrn, fekk med seg Kjartan Kristiansen (Wannskrækk) og Sven Kalmar (Holy Toy m.m.), og spelte inn ei plate med musikk som var heilt annleis enn det dei hadde gjort før, men der slektskapen var lett å finna.

Slektskapen var kanskje tydelegast i tekstane. TAV! hadde gode tekstar, og her er dei endå betre. Dei syng om andre emne, her syng dei i langt større grad om menneskelege samanhengar. For Lasse Myrvold, ein av dei finaste tekstforfattarane i norsk musikk, handlar det gjerne om forholdet mellom fedre og ungar, tre av songane hans her er "Sønner av eldre menn", "Pappa til alle pappaer" og "Øksen ligger på bordet", som har ein aldeles glimrande tekst. Rundt tekstane er det gitarar, litt tangentar, og nokre avslappa trommer, men instrumenta held seg heile tida i bakgrunnen. Så fort vokalisten tek ordet dempar dei seg, heilt til han tek ein pause. Det er i det heile ei uventa lågmælt plate, ut frå den bakgrunnen dei fem har. Dei to minst lågmælte songane er dei to med tekst og vokal av Kristiansen, mellom anna den finfine "Het dag i juli".

Plata kom nyleg ut på CD, saman med andrealbumet Blått. Det er ikkje like godt, men denne plata held framleis mål og vel så det.

Guffen tilrår.

Meir The Aller Værste! på kulturguffebloggen
Yngve Knausgård: The Aller Værste! Materialtretthet (2011)
Sverre Knudsen: Sverre Knudsen, 1979 (2015)

2 kommentarer:

  1. Heilt einig! Eg fann fram att denne plata frå hylla i dag, etter at ho har lege der og samla støv i fleire år. Fantastisk plate, faktisk enno betre enn eg hugsa. Etter litt googling (som òg tok meg til denne sida), fann eg ut at den eigentleg kom med eit tekstinnlegg, noko eksemplaret mitt diverre manglar. Veit du om dette er eit standard A4-innlegg? Og er det då frekt å spørja om du har høve til å skanna dette og senda fila til meg på e-post?
    Interessant blogg du har - eg må ta ein nærare kikk når eg er ferdig på jobb.

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett