6. april 2011

Giles Smith: Lost in Music (1995)

Gitaristen Knut Schreiner skriv av og til om musikk i Morgenbladet, og for nokre veker sidan skreiv han varmt om det engelske bandet Cleaners from Venus. Dei var på topp midt i 80-åra, var inspirerte av Revolver-Beatles, og var så skeptiske til alt som minte av kapitalisme at dei spelte inn songane heime hjå Martin Newell, som lenge var den einaste faste medlemmen i CFV. Dei gav ut all musikken sin på kassettar, som dei sende til kontaktar i fleire land, med beskjed om at dei kunne kopiera, selja, og senda delar av inntektene tilbake til bandet.

Dette var gamalt nytt for meg. Cleaners from Venus var eitt av banda eg høyrde mest på i andre halvdel av 80-åra. Eg likte både musikken og haldningane deira så godt at eg like godt intervjua Newell (pr. brev) for ei Oslo-fanzine, og musikken deira held seg framleis relativt godt.

Kvifor har dette relevans akkurat her? To grunnar. Giles Smith var med i CFV i nokre år. Og noko av det han skriv om er at det ikkje berre er viktig kva musikk du høyrer på, ofte får du òg plusspoeng for å ha høyrt lenge på platene til eit band.

Boka er ein slags musikalsk sjølvbiografi, der Smith fortel om forholdet sitt til musikk, frå han er ein liten gut til han er ein godt etablert mann på rundt 33 år. Han skriv innsiktsfullt og underhaldande om korleis musikk har dominert heile livet hans. Han er fødd i 1962, og frå rundt 1970 er musikk den einaste store interessa hans. Det var ei heilt anna tid enn i dag, sjølvsagt, det var før MTV og Internett og all slags digitale format, og det var langt vanskelegare å få høyra om og å få tak i musikk du likte. Han spelar òg i band sjølv, og kvir seg ikkje for å fortelja om alle popstjernedraumane det ikkje vart noko av.

Me har ikkje overlappande musikksmak, men det er ikkje så nøye. Når han skriv om korleis han jakta på absolutt alt som XTC gav ut, ser eg klare parallellar til korleis eg var på leit etter plater med favorittane mine. Og då var ikkje alltid den tekniske kvaliteten det viktige, her kunne det gjerne vera uoffisielle konsertopptak med høgst tvilsam lydkvalitet. Han skriv om eit XTC-opptak frå 1980 at lyden var forferdeleg. "Somewhere at the heart of its storm of hiss was a barely audible throb, as if the concert had been recorded by someone pressing a cheap dictaphone up against the venue's outside wall. I'm not sure I even made it as far as disc two. I was, needless to say, delighted with it. " Been there, done that.

Det er altså ei fin bok, som viser kor viktig popmusikk kan vera for mange av oss.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar