11. august 2019

Jeff Tweedy: Let's Go (So We Can Get Back) (2018)

Jeff Tweedy var med i Uncle Tupelo, og berre det er grunn nok til å lesa denne boka. Uncle Tupelo gav ut (minst) to framifrå plater, men var oppløyst då det skar seg mellom Tweedy og Jay Farrar. Farrar gjekk vidare i gruppa Son Volt; Tweedy gjekk vidare med Wilco. Det er òg ei finfin gruppe, som mellom anna gav ut tre plater saman med Billy Bragg, der tekstane var upubliserte tekstar av Woody Guthrie.

Denne boka er glimrande. Tweedy skriv godt, han fortel historier godt, og boka er eksemplarisk oppbygd. Det står minimalt om oppveksten, og deretter går det rett på sak. Han fortel om korleis han vart glad i musikk, korleis han tok til å spela musikk, og så vidare. Han verkar svært open og ærleg, og fortel både om godt og gale. Sjølv om brotet med Farrar var vondt, får Farrar svært mykje skryt i boka - det er ikkje mange av dei andre bandmedlemmane hans som får like mange godord. Han fortel òg om familien, både den han vaks opp i og den han har saman med kona og ungane, og det er fin flyt heile vegen.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar