25. august 2019

Morten Ståle Nilsen og Arne Svingen (red.): Beat: De klassiske artiklene (1995)

Frå 1980 las eg mange norske musikkblad. Av dei store blada kjøpte Torstein Nye Takter kvar månad, eg kjøpte Puls. Dei to blada utfylte kvarandre, og me var nok begge mest på line med Nye Takter. I 1985 kom redaksjonen i Puls på kant med eigarane, og grunnla avisa Beat. Musikksmaken var om lag den same som i gamle Puls, men trykken var betre, og artiklane vart lengre. Til tiårsjubileet laga dei denne boka, der dei samla åtte artiklar dei altså kalla "klassiske".

Eg kan ikkje fatta at dette var dei åtte beste artiklane. Med eitt unntak er det ei heller tynn suppe som vert servert. Seks av artiklane er intervju og/eller artiklar om band. Dei to siste artiklane er dei veikaste: Herman Willis er ei veke i Stockholm for å prøva å forstå den byen, og Willis og Torgrim Eggen skriv (under pseudonym) om harry-fenomenet. Begge artiklane er pinleg dårlege. Stockholm-artikkelen har ein veikskap ein finn att også i fleire artiklane om musikk: Journalisten trur at hans eigen person er viktig. Det kan fungera viss du er Hunter S. Thompson; det fungerer ikkje her.

Den eine artikkelen som ragar over alle andre er skriven av Sindre Kartvedt. Han skriv om og intervjuar Keith Richards. Det er den klart lengste av artiklane i boka, og Kartvedt gjer det han burde gjera: Han skriv om Richards. Etter ein introduksjon på fire sider går det over i eit intervju, og her er det heile tida Richards som står sentralt. Han får gode spørsmål, og snakkar både lenge og vel om musikken sin.

Slik kunne Beat vera, og det var det ofte. Beat var eit bra blad, sjølv om dette heftet tyder på noko anna.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar