17. august 2019

Ole Idar Kvelvane: Astronautar (2004)

Hovudpersonen i denne boka, Dag-Olav, bur hjå foreldra i Stavanger. Han er oppteken av to ting - musikk og seg sjølv. Han er ein person det er vanskeleg å lika, og han har då heller ingen altfor nære vener.

Bandet han set aller høgast er The Stone Roses. Han nemner fleire gonger dei to konsertane dei hadde i Oslo, i 1990 og 1995, og snakkar om kor fantastiske dei var. [Eg var på den fyrste sjølv, og har aldri høyrt ein vokalist syngja så surt gjennom ein heil konsert.] Han får, med litt flaks, jobb på Platekompaniet, der han òg gjer sitt beste for å dra fram musikken deira.

Boka vert aldri meir enn middels. Nokre parti er greie, medan andre er aldeles malplasserte. Mange band og personar vert nemnde med fullt namn, andre med pseudonym. I to fantasisekvensar stoppar romanen heilt opp - ein der Dag-Olav vitjar Stone Roses-gitaristen John Squire, og ein der ein musikkjournalist og ein musikar i Oslo har den vanlege måndagslunsjen sin.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

1 kommentar:

  1. Registrerer at du ikkje er nøgd med boka mi. Du har definitivt valt feil bok å AVbefale. Du burde skamme deg. Prøv å vere litt positiv neste gong du les ei bok, Guffen! Helsing frå forfattaren

    SvarSlett