8. august 2018

Colson Whitehead: The Underground Railroad (2016)

Under slavetida i USA var det mange som hjelpte slavar med å flykta. Det vart etablert eit nettverk av gøymestader og ruter, og mange slavar kom seg trygt til nordstatane via dette nettverket. I røynda var det (sjølvsagt) ikkje snakk om ein jernbane, men i denne romanen er det slik: Det finst faktisk ein hemmeleg undergrunnsjernbane som tek slavar med nordover.

Cora er ein slave på ein farm i Georgia. Ein annan slave, Caesar, overtalar henne til å flykta saman med han. Den viktigaste grunnen til denne invitasjonen er at mor hennar er den einaste som har greidd å flykta frå denne farmen, og Caesar meiner difor at Cora kjem frå ei slekt med flaks. Han som eigde farmen hyrer inn den legendariske slavefangaren Ridgeway, og han møter dei fleire gonger. Cora og Caesar greier å ta seg til den næraste undergrunnsstasjonen, og lever eit langt betre liv i Sør-Carolina. Dei har jobbar, men er undertrykte, og ho flyktar vidare til Nord-Carolina, der ho må liggja i dekning. Ho vert teken, men greier å flykta, og gradvis kjem ho seg til fridomen. Det greier ikkje Caesar, og det greidde heller ikkje mor hennar, viser det seg.

Det er ei fin bok. Whitehead skriv godt, og både romanen og kapitla er eksemplarisk oppbygde. I nokre kapittel fortel han om kva som skal skje alt i opninga, andre gonger kjem det dramatiske vendingar ut av det blå.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar