19. august 2018

My Scientology Movie (2015)

Scientologi-kyrkja er både eit fint og eit vanskeleg tema for ein dokumentarfilmskapar. Det er nok av kontroversar å hengja seg opp i, og det er nok av folk som har sterke meiningar om denne sekta. Men dei er sjølve aldeles uinteresserte i å snakka med skaparane av slike filmar, slik at det er berre den eine sida som kjem til orde.

I alle fall nesten. Louis Theroux er ein brite som har laga mange dokumentarfilmar eller -seriar, og utan at eg skal lyga på meg mykje kunnskap om desse, har eg fått med meg at han mellom har laga program om ulike tilhøve i USA. Her er han i California, der scientologikyrkja har hovudkvarteret sitt. Han snakkar med fleire avhopparar som tidlegare var høgt på strå i kyrkja, fyrst og fremst Mark Rathbun. Saman med Rathbun hyrer Theroux inn unge skodespelarar, som prøver å skapa det same skremmande miljøet som leiaren for kyrkja, David Miscavige, skapte. Det er eit godt grep, som ein kan sjå at gjer inntrykk på skodespelarane, på Theroux, og på Rathbun.

Kyrkja kjem ikkje godt frå desse leike-skodespela, og dei gjer òg mykje anna rart. Ein ting er at dei kastar ut Theroux og kameratemaet hans når dei (visstnok) står på scientologane sin eigedom og filmar. Verre er det at dei sender ut kamerafolk som filmar Theroux medan han jobbar, og at framståande scientologar konfronterer Rathbun på ein flyplass. Dei verkar aldeles paranoide, og det verkar rimeleg meiningslaust at dei skal oppnå mykje med dette. Theroux er altfor røynd til å verta skremd.

Mot slutten av filmen skjer det seg mellom Theroux og Rathbun. Dei kranglar, og Rathbun framstår etter kvart som ein litt ustabil kar. Det er den eine innvendinga eg har mot filmen - Theroux burde ha kommentert rolla til Rathbun meir. Han er ei viktig kjelde for Theroux, men kan òg vera ei usikker kjelde, med den fortida han har.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar