17. august 2018

Øystein Hovden: Anders Hovden. Eit nærportrett (1960)

Anders Hovden var ein viktig person i målsoga. Han skreiv dikt og salmar og forteljingar, men var kanskje viktigare i debattar. Han var overtydd målmann. Han var prest, og arbeidde heile livet i bokmålsområde. Dette er den tredje boka eg har lese om han, slik at eg får eit godt bilete av livet hans, med eit lite atterhald: Denne er skriven av son hans, han skreiv ein sjølvbiografi, og for rundt femten år sidan kom det ein biografi skriven av Jens Kåre Engeset. Det er nok den mest kritiske, men det seier eigentleg mest om dei to andre: Engeset levde det meste av livet i Hovdebygda, nokre hundre meter frå garden der Hovden vaks opp, og hadde Hovden som ein av dei to store heltane sine.

I denne boka går Øystein Hovden tematisk gjennom livet til faren. Det er oppvekst, det er salmedikting, det er familiemannen, talaren, og så vidare. Han siterer flittig frå dikt og andre tekstar, og frå brev Hovden har skrive og fått. Han får godt fram korleis han ser på faren, og boka må vera ei god innføring for dei som ikkje kjenner Anders Hovden frå før.

Boka kom ut i ein serie med portrett av forfattarar, skrivne av folk som stod dei nær. Slike idear er gode, og eg plukkar gjerne opp andre bøker i serien.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar