30. oktober 2014

Marte Michelet: Den største forbrytelsen (2014)

Med fare for å dra konklusjonar på altfor tynt grunnlag: Dei siste åra har det vore ei fin endring i vinklinga av norske bøker om krigen. Det er ikkje lenger like viktig å skryta av kor flinke gutta på skauen var; det handlar minst like mykje om å fylla ut biletet, og skriva om dei mindre heltemodige nordmennene. Ei av dei fyrste bøkene eg skreiv om på denne bloggen var Tyskerjentene av Helle Aarnes, ei fin bok som viste kor skammeleg handsaming desse jentene fekk. Denne boka dreg fram noko anna skammeleg, og tittelen på boka er heilt presis. Kva slags brotsverk skulle vera verre enn Holocaust?

Hovudpersonane i boka er Benzel og Sara Braude, som flytta frå Litauen til Kristiania tidleg på 1900-talet. Dei vert ein del av det veksande miljøet av jødar i byen. Dei får fire born. Foreldra og to av ungane dør i Auschwitz. Innimellom denne historia følgjer me ein norsk nazist, som kjempar på austfronten før han vert ein av dei verste torturistane, og ein tysk nazist, som får ei høg stilling i Oslo under krigen. Det er krevjande å følgja alle desse gjennom boka, men Michelet består denne prøven med glans. Det er òg nokre fascinerande liv ho skriv om. Ein av Braude-sønene er boksar i nasjonal toppklasse. Den norske nazisten vert støytt ut frå sin eigen familie, etter eit mislukka utpressingsforsøk mot sin eigen far.

Men det ho skriv mest om er altså måten jødane vart handsama i Noreg. Aviser skreiv mykje om dette før krigen, og under krigen fekk dei fleire signal om kva som skulle skje. Ikkje minst frå utlandet, der jødar vart massakrerte fleire stader, mellom anna i områda der Braude utvandra frå. Michelet viser òg at nordmenn var aktive i jødeutdrivinga, og, uventa nok, at leiarar i det jødiske miljøet var naive nok til å levera frå seg lister over alle jødene som fanst i Oslo. Boka får fram mykje som var nytt, i alle fall for meg, og det er ei bok det er vanskeleg å leggja frå seg.

Guffen tilrår.

1 kommentar:

  1. Så kjekt å lese om denne boken, som er på vei til min postkasse. Nå gleder jeg meg stort til å lese den. Tenker å bygge opp stemningen med å ta en tur til Møhlenpris i helgen, området hvor jødene i Bergen bodde. Takk for ny, kriblende forventning og ha en super fredag!

    SvarSlett