14. januar 2011

De dødes tjern (1958)

Himmel og hav. Eg hadde ei kjensle av at denne filmen kom høgt då norske filmfolk skulle kåra dei beste norske filmane gjennom tidene, og det viser seg at han kom heilt oppe på fjerdeplass. Det er altfor, altfor høgt. Filmen er ikkje altfor imponerande. Eg anar ikkje om han vart marknadsført som grøssar eller spaningsfilm eller kriminalfilm, men trur han ville ha tent på å verta framstilt som komedie. Her er i alle fall nok å le av.

Seks personar skal vera ei veke på ei hytte. Tvillingbror til ei av dei er der alt, men ho har ikkje hatt kontakt med han på lenge, og ho er redd for at noko kan ha hendt han. Lensmannen, som er ein kjenning av familien og som viser veg til hytta, fortel om ei segn som knyter seg til hytta og til tjørnet like ved. Ein person likte dårleg at systera fann seg ein kjærast. Systera og kjærasten gøymde seg i hytta, men broren fann dei, slo dei i hel med ei øks, dumpa dei i tjørnet, og drukna seg i tjørnet tre dagar seinare. Segna sa vidare at alle som bur i hytta vert heimsøkte av ånda til mordaren, og - surprise, surprise - det er akkurat det som skjer med den manglande broren.

Ein av gjestane er psykoanalytikar, ein annan er eigenutnemnd ekspert på alt som er okkult, og samtalane der desse tek ordet kan ikkje ha vore skrivne i fullt alvor. Det kan i alle fall ikkje ha vore meininga at dei skal framstå som meiningsfulle. Dei to tvillingane skal ha hatt telepatisk kontakt i draumane sine, og på det viset har psykologen fått innsikt i planane til tvillingbroren, slik at han lettare kan leggja ein plan for korleis dei skal fanga broren. Det går ikkje heilt etter planen, men han druknar seg i alle fall, og for å roa dei andre seier psykoanalytikaren at han aldri ville ha vorte menneske igjen, så det var like greitt at han drukna.

Filmen er basert på ei bok av André Bjerke. Han spelar sjølv rolla som ekspertokkultisten Mørk, og det gjer han uventa godt. Litt stivt, men likevel minst like godt og livfullt som fleire av dei andre. Henki Kolstad har den mest sentrale rolla, som den lettskremte og ikkje altfor innsiktsfulle forfattaren Bernhard Borge (som var pseudonymet Bjerke brukte då han gav ut boka i 1942).

Fleire av replikkane i filmen er altså til å le av, og eg er ikkje sikker på om det er tilsikta. Mørk meiner til dømes at her er det så store krefter i sving at han vil bruka den store multiplikasjonstabellen. Det er òg ei kråke på toppen av skorsteinen som ser så falsk ut at det ikkje er uventa at ho seinare i filmen vert otmalt som ein effekt.

Filmen er altså ikkje spesielt skremmande. Den enklaste måten å gjera filmen meir skremmande ville vore å ha mørkare nattscener. Dei snakkar om at det er ein heilt uvanleg fullmåne, men det vert likevel altfor lyst. Så det er mykje som er dårleg, men heilt utan lyspunkt er det ikkje. Scena der tvillingsystera er på veg ut i tjørnet høyrer jo med til dei klassiske scenene i norsk film.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Bjerke på kulturguffebloggen
De dødes tjern (1942)
Arnulf Øverland - vårt sprogs konservator og fornyer (1965)

12. januar 2011

Birth of a Nation (1915)

Hm. Ikkje akkurat den mest behagelege filmen eg har sett.

I fjor las eg ei bok om Sundown Towns, byar i Amerika der negrar berre fekk vera i dagsljos. Forfattaren av den boka, James Loewen, tilrådde ei bok om korleis negrar vart lynsja i Amerika, skriven av Philip Dray. I begge bøkene vert denne filmen omtala, og dei skriv noko slikt som at det er sjeldan ein så rasistisk film vert sett av så mange. Det var nok til at eg vart nyfiken, og eg såg han på toget til Oslo i dag.

Det er godt kva som er gjort og alt det der, men eg trur ikkje ser filmen fleire gonger. Det er ikkje berre av di den siste halvdelen av filmen er rein propaganda for Ku Klux Klan, men òg av di filmen er altfor, altfor lang. Det er ein stumfilm, og det er greitt at bileta må brytast opp av tekstplakatar rett som det er, men tre timar er likevel i meste laget.

Det er ein todelt film. Fyrste del handlar om den amerikanske borgarkrigen, den andre delen handlar om livet i sørstatane i tida etterpå. D.W. Griffith, som regisserte filmen, laga i alt elleve filmar om borgarkrigen. Det var eit emne som interesserte han på alle måtar, far hans hadde vore offiser i sørstatshæren. Det gjorde nok sitt til at sympatiane hans låg i sør. Denne fyrste delen er grei nok, den andre delen er meir problematisk.

Etter borgarkrigen vart negrane frie, og i byen der det meste av handlinga er lagt har dei òg teke all makt. Dei undertrykkjer kvitingane, som etter kvart gjer opprør. Det som utløyser det heile passar godt saman med det Dray skriv om. Ein neger vil ha nærkontakt med ei kvit jente. Ho avviser han, og for å koma seg unna kastar ho seg friviljug utfor eit stup. Kva ho seier til broren, som er ein av dei leiande rasistane i byen, veit me ikkje, men han får i alle fall med seg andre kvitingar. Inspirert av nokre ungar som har kledd seg ut som spøkelse tek dei på seg kvite kapper og hetter, og tek tilbake makta.

Det er rein rasisme, sjølvsagt. Handlinga er galen nok, den siste halvtimen er der ei rekkje scener der Ku Klux Klan rir i samla tropp. Det skapar inntrykk av at det er ei sterk rørsle me har med å gjera, og dei var framleis aktive då filmen kom ut. Men innimellom alt dette kjem det altså tekstplakatar, og der kan det verkeleg stå litt av kvart. Alt i opninga av filmen kjem ein plakat med teksten "The bringing of the African to America planted the first seeds of disunion". Seinare kjem ein tekst som "The Ku Klux Klan, the organization that saved the South from the anarchy of black rule", og etter at kvitingar frå nord- og sørstatane slår seg saman mot negrane kjem teksten "The former enemies of North and South are united again in common defence of their Aryan birthright". Ein tekst om at det vart sydd 400 000 KKK-kostymer utan at nokon sladra, ser ut til å vera meint som honnør til kvinnene som sydde desse.

Filmen er så svart/kvit at det minner om den famøse utsegna til George W. Bush i september 2001 - du er anten med oss eller mot oss. Slik er det òg i filmen, her er dei aller fleste kvitingane (i sør) på lag mot negrane. Der er berre to moglege løysingar - anten negrane eller kvitingane styrer. Alle former for samarbeid er uaktuelle.

Her er altså mykje som luktar, men likevel: Filmen er godt laga. Det er stort tenkt, og det er ikkje vanskeleg å sjå at Griffith kunne faget sitt. At skodespelet verkar sterkt forelda får heller vera, dette var jo ei tid då dei to viktigaste triksa for gode skodespelarar var å ha stive blikk og fleksible augnebryn. Og dei fleste negrane vert spelte av dårleg sminka kvitingar.

Guffen er lunken.

11. januar 2011

Who's Afraid of Virginia Woolf? (1966)

Ei engelsk jente eg hadde litt kontakt med i 80-åra brukte ein gong eit sitat av Colin Wilson i eit brev. Det gjekk omtrent slik: Truth, it seemed, had no other function than to destroy the illusions that made life tolerable. Det tok ikkje mange minutt av denne filmen før eg kom til å tenkja på det sitatet. Filmen handlar om eit nachspiel frå Helvete, der dei svake sidene til dei fire som er til stades heile tida vert bretta ut.

Filmen er basert på eit teaterstykke av Edward Albee. Eg las det på engelsk grunnfag for lenge sidan, og såg òg ei oppsetjing i Oslo for nokre år sidan. Denne filmen er langt betre enn den oppsetjinga, mest av di Elizabeth Taylor og Richard Burton er strålande.

Han er professor på eit lite college, der far hennar er president. På ein fest hjå faren har ho kome i snakk med ein nytilsett professor, ein ung mann, og har like godt invitert han og kona hans over for litt drikking. Dei to kranglar seg gjennom heile filmen, og dei kvir seg ikkje for å vera krasse og ærlege også når dei snakkar om eller til gjestane, Nick og Honey. Det er mykje drikking, det er litt spying, det er (kanskje) litt puling, og det er nokre fine selskapsleikar.

Etter at Taylor har fortalt om den sjølvbiografiske romanen Burton aldri fekk utgitt, seier han at no er dei ferdig med leiken humiliate the host, no kan dei gå over til andre leikar. Han snakkar om hump the hostess, og dei leikar get the guests. På tomannshand har Nick fortalt Burton at han berre gifta seg med Honey av di dei trudde ho var gravid, noko ho ikkje var. Burton vil fortelja dei om den andre romanen sin, og det går gradvis opp for Nick og Honey at det er deira liv han snakkar om. Ho spring for å kasta opp igjen, han følgjer etter, og Burton leverer ein fabelaktig replikk til Taylor - heilt alvorleg ser han på ho og seier "that's how you play get the guests".

Alle fire spelar glimrande, men samspelet mellom Burton og Taylor er makelaust. For oss som var unge i 70- og 80-åra var Taylor ei som gifta seg med ein ny kar kvar veke, men her viser ho at ho er ein stor skodespelar. Det er gode replikkar, det er godt filma (i svart/kvitt), og det heile er svært solid. Det gjeld òg manus, sjølvsagt, som òg får meg til å tenkja på Ibsen-sitatet om livsløgner og livsglede. Taylor og Burton er vane med dette, ser det ut som, for det unge paret var det truleg ei ny oppleving å verta avkledd på dette viset.

Guffen tilrår.

7. januar 2011

Jon Krakauer: Into the Wild (1996)

Dette var ei uventa god bok. For ein månad sidan såg eg filmen Into the Wild. Eg likte filmen, og kjøpte boka for å finna ut meir om hovudpersonen. Her er det mykje meir enn i filmen. Den handlar om Christopher McCandless, ein ung amerikanar som vil vera fri. Han reiser rundt i USA i to år, og nokre månader sommaren 1992 bur han i ein vraka buss i skogen i Alaska. Han vert matforgifta, og døyr i bussen.

Nokre månader seinare skreiv klatraren og journalisten Jon Krakauer ein artikkel om McCandless i bladet Outside. Han fekk enorm respons, mellom anna frå folk McCandless hadde vorte kjend med dei to åra han var på farten. Krakauer møtte desse folka, han ville finna ut mest mogleg om kva som dreiv McCandless.

Krakauer stoppar ikkje der. Han skriv om andre som har gjort liknande ting, og hentar stoff frå eigne opplevingar, og konkluderer med at sjølv om McCandless kunne ha førebudd seg betre, var det til slutt uflaks som gjorde at han miste livet. McCandless ville vera i urørt natur, der han ville greia seg sjølv, og hadde difor ikkje med kart. Han prøvde å koma seg attende til sivilisasjonen rundt ein månad før han døydde, men greidde det ikkje, av di ei elv han måtte over for å koma attende til hovudvegen, var langt større om sommaren enn om våren. Hadde han hatt kart ville han sett at det var råd å ta seg over elva litt lengre oppe. Bussen låg òg like ved grensa til nasjonalparken Denali, og hadde han kart ville han sett at der låg ei hytte ikkje langt frå bussen. Der var ikkje folk, men han ville ha funne mat, i alle fall.

Etter at dødsfallet vart kjent, hevda mange at McCandless var naiv, og at det var hans eiga feil at han døydde. Krakauer tek McCandless i forsvar, og det gjer han så overtydande at eg delar oppfatninga hans. McCandless fann det han søkte etter, det er ein klisje at ein reiser for å verta betre kjend med seg sjølv, men for McCandless var det dette det handla om. Dei knappe tekstane i dagboka viser at han er i balanse, og at han altså var klar for å venda attende til tettare befolka strøk.

Det er altså ei fin bok, skriven om ein person som leitte etter natur, og skriven av ein person som framleis leitar etter natur. Det er noko utprega amerikansk over McCandless. Han reiser vestover, han vil greia seg sjølv, og han er glad i landet sitt. Det var overraskande å sjå at han, som var svært oppegåande, var ein tilhengar av Reagan rundt highschool-tida. Eg fekk likevel sansen for McCandless under lesinga, og det skulle ikkje undra meg om eg hentar fram att filmen om ikkje lenge.

Guffen tilrår.

Meir Krakauer på kulturguffebloggen
Eiger Dreams (1990)
Into Thin Air (1997)
Into the Wild (film, 2007)
Where Men Win Glory (2009)
Three Cups of Deceit (2011)
Under the Banner of Heaven (2011)
Missoula (2015)
Under the Banner of Heaven (fjernsynsserie, 2022)


Relatert
Carine McCandless: The Wild Truth (2014)

George W. Bush: Decision Points (2010)

George W. Bush var den suverent beste presidenten USA har hatt. Han var klok, innsiktsfull, myndig, handlekraftig, respektert, læreviljug og effektiv. Dukka det opp eit problem, tok det ikkje lang tid før han sette seg inn i det, og fann ei løysing på det. Han var president i åtte år, og i løpet av dei åtte åra vart USA eit langt betre land å bu i. Han avgrensa seg likevel ikkje til heimlandet, han var stadig på farten i utlandet, der han òg hadde svære kunnskapar, og der han sette i gang fleire prosessar til det beste for alle fridomssøkjande og demokrativennlege personar i heile verda.

Det inntrykket får ein etter å ha lese denne boka. Det var kanskje ikkje så uventa, sjølvbiografiar er jo ein fascinerande sjanger. Med den massive og verdsomfamnande kritikken Bush fekk då han var president, er det ikkje rart at han prøver å framstilla seg sjølv i eit godt lys. Biletet er truleg meir nyansert enn det inntrykket ein fekk av Bush då han var president, men eg trur likevel ikkje på det han skriv her. Det er ein grunn til at det florerer av Bush-blemmer på Youtube. Av og til minte Bush mest om ein person som hadde vunne ein konkurranse der premien var å vera president i USA. Plakaten ein demonstrant viste fram ein gong Bush vitja Storbritannia seier det meste: "Mad Cowboy Disease".

Når eg skriv at Bush har skrive boka sjølv, legg eg godviljen til. Ingen medforfattar er kreditert, men i takkelista til sist i boka vert det hinta om at ein av taleskrivarane hans, Chris Michel, har vore god å ha i arbeidet med boka. Boka er såpass velskriven, og dei ulike kapitla er så godt komponerte, at eg slit med å sjå at det er Bush som har skrive dei. Kanskje er det berre fordommar, Bush viser ofte til bøker han har lese, og skriv ein stad at han ein gong utfordra Karl Rove til ei lesetevling. Bush tapte, men las likevel 95 bøker i løpet av eit år, og det er eit respektabelt tal. Det går ikkje klart fram om dette var medan han var president, men han fann tid til mykje lesing då òg - han skriv at han las fjorten ulike biografiar om Abraham Lincoln medan han var president.

Bush framstår som folkeleg. Også i formelle samanhengar løyser han opp stemninga med middels gode replikkar, og han var ein utypisk politikar, som dei meir røynde politikarane må ha slite med å samarbeida med. Han hadde god kontakt med mannen i gata, han refererer stadig til brev og helsingar han har fått frå desse. Boka er bygd opp rundt dei viktigaste sakene han arbeidde med, og krigen mot terror og krigen i Irak får sjølvsagt god plass. I den andre presidentperioden sin auka han talet på soldatar i Irak, og fekk massiv kritikk for dette, også frå eigne partirekkjer. I boka vert denne kritikken møtt med at Bush siterer brev frå foreldre til ein soldat som har mist livet i Irak - desse skriv at dei er stolte av at sonen gav livet for landet sitt, og for Bush verkar det som om slike brev rettferdiggjer det han gjorde.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

3. januar 2011

Johan Harstad: Osv. (2010)

Johan Harstad er ein solid forfattar. I 2009 var han tilsett som husdramatikar ved Nationaltheatret, og det resulterte i dette skodespelet.

Osv. har ikkje vore framført, etter det eg kjenner til. Ein uferdig versjon vart framført som leseframsyning i september 2009, men det er det einaste så langt. Det er forståeleg. Ikkje av di stykket er dårleg, men det er så stort anlagt, sett saman av så mange ulike scenar, og er så langt, at det er vanskeleg å sjå at det kan gjennomførast. Under lesinga slo det meg at det er like godt eigna som eit filmmanus.

Stykket handlar om krig. Handlinga er i hovudsak lagt til 1994, og hovudpersonane er den amerikanske familien Zimmer. Faren Joseph slit framleis med det han såg og gjorde i Vietnam, dottera Nola har mist mann og son i ein massakre på t-banen i London, sonen Alan er krigsfotograf, medan mora Kay vil at alle skal samlast igjen og ha det bra. I scenane med Joseph og Alan vert krigshandlingar skildra i detalj. Joseph snakkar om Vietnam, Alan er i Bosnia, i Rwanda, i Tsjetsjenia og i Irak. Her vert kritikken nesten for tydeleg, både vestlege soldatar og vestlege land får så hatten passar.

Stykket er velskrive, her er mange fine dialogar, og det er eit viktig tema Harstad skriv om. Å lesa eit skodespel er noko heilt anna enn å sjå det framført, og eg vonar stykket ein eller annan gong vert sett opp. Sikker er eg likevel ikkje, det krev i alle fall mykje av den institusjonen som gjer det.

Guffen tilrår.

Meir Harstad på kulturguffebloggen
Herfra blir du bare eldre (2001)
Ambulanse (2002)
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? (2005)
Hässelby (2007)
Bsider (2008)
Darlah (2009)
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet (fjernsynsserie, 2011)

Motorpsycho. Blissard (2012)
Manifest for folk flest (2013)
Max, Mischa og Tetoffensiven (2015)
Ferskenen (2018)
Under brosteinen, stranden! (2024)

1. januar 2011

Daniel Durchholz & Gary Graff: Neil Young. Long May You Run - The Illustrated History (2010)

Det tok lang tid før eg fekk sansen for Neil Young. På slutten av 70-åra gjekk det mest i punk, i 80-åra var det viktig at musikken var fersk, og då eg i 90-åra omsider såg meg attende var ikkje Young den fyrste eg såg på. Eg hadde eit par av platene hans, og likte dei godt, men gjekk aldri vidare. Kanskje var det tilfeldig, kanskje var det av di Young er så produktiv. Eg har vore på ein konsert med han, på Kalvøya 1996, og der var eg berre sånn middels imponert.

Eg trur eg ville likt det betre no. Eg får meir og meir sans for Neil Young, spesielt platene han gav ut fyrste halvdel av 70-åra. Harvest (1972) er finfin, Tonight's the Night (1975) er glimrande, men aller beste er On the Beach (1974). Det er kanskje ikkje den lystigaste musikken, men likevel. Sommaren 2009, då eg var på jobb omtrent heile tida, sette eg i gang Archives på Spotify, og etter kvart brukte eg songane som klokke - eg visste kva song som kom når det var på tide med matpause, og når det var greitt å reisa heim.

Eg kjenner altså Young litt betre etter kvart, mellom anna av di eg for nokre år sidan las Shakey, den fine biografien Jimmy McDonough gav ut i 2002. Denne boka kjem ikkje med så mykje nytt, men det er likevel ei fin bok. Slik det går fram av tittelen er ho rikt illustrert. Her er sjølvsagt ei mengd bilete av Young og av folk han har spela med, men her er òg faksimilar, bilete av stader som har vore viktige for Young, familiebilete frå oppveksten i Kanada, kunstverk, plakatar, osb. Teksten er òg fin. Det vert litt knapt av og til, men det er ikkje uvanleg i bøker av denne typen. Forfattarane er positive til det meste av det Young har gjort, men heller ikkje dei greier å skjula at Young i 80-åra var på den eine musikalske bærturen etter den andre.

Hovudteksten vert rett som det er broten opp av kortare tekstar om utvalde emne. Her er det mange godbitar, mellom anna om den store interessa Young har for modelljernbanar. Nokre musikarar er òg bedne om å skriva litt om Young. For meg vert dette bortimot bortkasta, det vert mykje skryt og lite ull.

Neil Young har samarbeidd med svært mange. Han framstår nesten som eineveldig, han skaltar og valtar med desse medmusikantane heile tida. Han slutta i Buffalo Springfield rett før dei skulle spela på Tonight Show, og det var berre den fyrste av fleire slike bråe avgangar. Han valde sjølv kven han skulle spela med, og i dei fleste tilfella ser det ut til at dei andre fann seg i å venta. Ville Young spela med deg, takka du oftast ja.

Guffen tilrår.

Meir Neil Young på kulturguffebloggen
Scott Young: Neil and Me (1984)
Jimmy McDonough:
Shakey (2002)
Sam Inglis: Harvest (2003)
Waging Heavy Peace (2012)
Koengen, Bergen (1.8.2014)
Special Deluxe (2014)
Sharry Wilson: Young Neil (2014)
Sylvie Simmons: Neil Young. Reflections in Broken Glass (2026)