24. august 2010

Philip Dray: At the Hands of Persons Unknown (2002)

Var det ikkje Gandhi som fekk spørsmål om kva han meinte om den vestlege siviliasjonen, og som svara noko slikt som at "det ville vore ein god idé? Denne boka handlar ikkje om heile den vestlege verda, men viser at det tok lang tid før heile USA vart sivilisert.

Forhistoria er velkjend. Det vert importert slavar til USA. Utetter på 1800-talet vert folk i nordstatane meir og meir skeptiske til slaveriet, medan folk i sør ikkje har noko problem med det. Det vert borgarkrig 1861-65, nordstatane vinn, og slaveriet vert avvikla.

Førte dette til at negrane fekk det betre? Ja, meiner Dray, men legg til at det ikkje skulle mykje til. I sørstatane var det framleis klare skilje mellom negrar og kvitingar, og det var ingen tvil om kven som hadde makt. Sørstatane var ekstremt rasistiske. Dray får godt fram kor farleg det var å vera neger der, det skulle ikkje mykje til før det samla seg ein lynsjemobb.

Dray argumenterer overtydande om at sex faktisk var ein av dei viktigaste grunnane til at negrar vart lynsja. Kvite menn i sørstatane hadde ikkje problem med at dei eller andre kvite menn hadde forhold til negerdamer. Var det omvendt, var det derimot noko av det verste som kunne tenkjast. I boka vert det fleire stader vist til at når slike forhold vart kjende, hevda den kvite kvinna at ho hadde vorte valdteken. Viss ein neger vart skulda for valdtekt, var han i trøbbel, for å seia det mildt. Det samla seg raskt ein gjeng utanfor fengselet, dei fekk han med seg ut, ofte med hjelp frå politiet, og tok livet av han på groteske måtar. Lynsjinga fann ofte stad der den påståtte valdtekta hadde funne stad, og familien til offeret fekk æra av å starta. Pisking, lemlesting, utstikking av auge, skyting, brenning - Dray bryt ofte opp den generelle historia med døme på lynsjingar. Eg opplevde dei som mest forferdelege tidlegast i boka; etter kvart vert ein litt blind for kor brutalt dette var. Det var altså nok å vera skulda for valdtekt, eller skulda for drap; det kunne gjerne vera nok å ha kika på kvit dame på ein ufin måte, eller å ha sagt feil ord.

Det mest skremmande med dette var at heile samfunn støtta det. Press frå nordstatane og frå utlandet gjorde at nokre saker gjekk til retten, men både dommar og juryar såg heilt vekk frå det som vart lagt fram som bevis, og gav dei tiltalte dødsstraff. Då låg det i korta at den tiltalte vart henta i fengselet nokre timar seinare, og drepen av ei stor folkemengde. Ved nokre høve vart lynsjingar annonserte nokre dagar på førehand, slik at alle kunne få det med seg. Alle møtte opp, også små ungar.

Styresmaktene var makteslause. Det var sett på som ei intern sak for dei ulike statane, og dei ville ikkje ha innblanding frå nasjonalt hald. Ved fleire høve prøvde senatorar å få vedteke ei lov som gjorde lynsjing forbode, men alle gongene vart det stoppa av senatorar frå sørstatane. Fleire av desse stod òg fram som rasistar. Ikkje før hausten 1967 var ein dommar vaksen nok til å frikjenna ein neger i ei sak der allmugen lukta lynsjing.

Den travlaste lynsjeperioden var 1890 til 1920, men i åra frametter var det framleis ofte lynsjingar. Merkeleg nok var den andre verdskrigen med på å bremsa interessa for lynsjing, her var USA i krig med Tyskland, og det var vanskeleg å rettferdiggjera at ein ville gjera Tyskland meir menneskeleg, så lenge delar av det amerikanske samfunnet var like primitivt. Med ujamne mellomrom dukkar det framleis opp saker som minner om lynsjing, det var vel tidleg i 1990-åra at negeren Rodney King vart dregen ut av bilen sin og skamslegen av tre-fire politimenn i California.

Alt er ikkje svart i denne boka, her er òg heltar. Fleire arbeidde for å få slutt på lynsjinga, mellom anna journalisten Ida B. Wells, og professoren W.E.B. Du Bois. Du Bois var ein av dei som tidlegast retta merksemda mot lynsjing, men kom etter kvart litt på sidelina i antilynsjingarbeidet. 93 år gamal flytta han til Ghana i 1961, der han døydde to år seinare, dagen før Martin Luther King heldt sin vidgjetne I have a Dream-tale.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar