11. april 2010

James W. Loewen: Sundown Towns (2005)

Ei einaste gong har det vore sleppt sprengstoff frå fly mot mål på det amerikanske kontinentet. Det var i 1921, då kvitingar gjekk til angrep på dei svarte bydelane i Tulsa, Oklahoma, og sleppte dynamitt ned frå fly. Kvifor? Dei ville ha ein by der berre kvite kunne bu. Det gjekk ikkje, Tulsa var ein altfor stor by.

Andre stader fekk dei det til. Byar vart reinsa for negrar, og det vart oftast sett opp skilt ved vegar som førte inn til byen. Desse skilta åtvara negrar - kom dei inn i byen, måtte dei vera ute igjen ved solnedgang. Desse skilta gav namn til slike byar, som vart kalla Sundown Towns. Denne boka er den fyrste omfattande studien av slike byar.

Den amerikanske borgarkrigen, 1861-65, braut ut grunna usemje om retten til å ha slavar. Nordstatane vann, og i tida fram til 1890 kunne negrar busetja seg omtrent kvar dei ville. I dei femti åra fram til andre verdskrigen, derimot, var negrar omtrent fritt vilt. Dei vart jaga ut av mange byar, over store delar av USA.

Færrast Sundown-byar var det i Sørstatane. Loewen har ikkje undersøkt alle byar overalt. Han bruker folketeljingar som hovudkjelde, og det seier seg sjølv at det ville vore for tidkrevjande å gå gjennom folketeljingane for alle byar i USA. Dette er likevel ikkje nok, det kan vera andre grunnar enn rasisme til at det berre bur kvitingar i ein by.

Måtane byane vart reinska på var forferdelege. Ein vanleg modell var at ein neger vart skulda for eit brotsverk, gjerne ein valdtekt. Gjerningsmannen sjølv vart lynsja, ofte saman med andre negrar, og alle andre vart drivne ut av byen. Det var ikkje uvanleg at dei måtte ut på timen, men det hende òg at dei fekk nokre dagars varsel.

Ein av byane Loewen stadig kjem attende til, er Anna, Illinois. Måten dei vart Sundown på er typisk. I 1909 vart Anna Pelley, ei 24 år gamal kvit kvinne, drepen i Cairo, ein by 45 km sør for Anna. Politiet fanga ein neger, som fekk status som mistenkt, basert på at ein blodhund sniffa seg fram til huset hans. Ei folkemengd samla seg utanfor fengselet, og kravde å få den mistenkte utlevert. Politiet nekta, dei sa at det langt frå var sikkert at han var skuldig. Stemninga i byen vart verande dårleg, og nokre dagar seinare tok politiet han med seg på eit tog nordover i Illinois, der stemninga var betre. Problemet var at toget gjekk gjennom Anna, der lynsjestemninga var endå verre. Dei gjekk difor av toget langt utanfor Anna, og det oppstod ein absurd situasjon: To politimenn og ein mistenkt kar lurte seg fram gjennom skogen, redde for ei folkemengd som ville lynsja ein mann som godt kan ha vore uskuldig. Det gjekk som det måtte gå - negeren vart funnen, og ført attende til Cairo. Der hengde dei han, før tilskodarane skaut rundt 500 kuler inn i liket. Det vart deretter drege gjennom gatene til staden der Pelley vart drepen. Der vart liket brunne opp. Same kveld vart alle negrar drive ut av Anna. Der er framleis eit monument i Anna til minne om Pelley. Då Loewen vitja Anna i arbeidet med boka, fekk han stadfesta at folk i området trur at Anna står for "Ain't No Niggers Allowed".

Med unntak av pasientar på eit psykiatrisk sjukehus bur det framleis ingen negrar i Anna. Det var det som overraska meg mest med boka - der finst framleis hundrevis, kanskje tusenvis, av Sundown-byar. Dei fleste av desse er småe, slik dømet med Tulsa viste, er det vanskeleg å reinska større byar. Der løyste dei det annleis - i nokre bydelar var det berre kvitingar som fekk kjøpa hus. Der gater går direkte frå ein Sundown-bydel til ein bydel for svarte, kan det gjerne vera sperringar tvers over vegen.

Korleis fekk negrar vita at dei ikkje burde besøka ein by? Det stod altså skilt ved vegar inn til byen, slike skilt kan ha stått såpass nyleg som i 1990-åra. Tekstane kunne variera, ein mykje brukt variant var "Nigger: Read and run. If you can't read, run anyway". For dei som ikkje kunne lesa var det vanleg å måla eit svart esel ved vegane; Loewen veit om to slike som framleis finst. Nokre stader var det ei sirene som signaliserte at negrar måtte koma seg ut. I Villa Grove, Illinois, vart denne sirena fjerna i 1999, og grunnen var slett ikkje at det var ein ufin skikk. Kvitingane i nabolaget klaga på den høge lyden.

Det er ei grundig bok, som drøftar emnet frå alle moglege vinklar. Han skriv mellom anna om korleis kvitingar som veks opp i Sundown-byar sjølvsagt vert påverka av at der berre er kvitingar i byen. Dei vert redde for alle andre. Ein av dei tinga som ikkje overraskar i boka, er at både George W. Bush og Dick Cheney gjekk på ein Sundown-highschool. Eller at Bush no er busett i ein Sundown-by.

Det er ei tung bok å koma gjennom. Ikkje berre av di ho er tjukk, og skriven i eit tidvis litt for akademisk språk, men av di det er ei bok som gjer meg forbanna og trist. Eg måtte bryta opp lesinga med bøker som var litt lettare (på alle måtar). Eg undra meg òg over kvifor eg ikkje har høyrt om dette før? Områda med flest Sundown-byar i dag er i Midtvesten og i det nord-austlege USA, og dette er område eg har vore mykje i. Fleire av byane som er omtalte i boka har eg vore i; eg kjenner folk som bur i andre. Likevel har dette aldri vore nemnt.

Guffen tilrår.

Meir Loewen på kulturguffebloggen
Lies Across America (1999)
Lies my Teacher told Me (2007)
Lies My Teacher Told Me About Christopher Columbus (2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar