17. januar 2022

Aksel (2020)

 

Nja. Eg har eit godt inntrykk av Aksel Lund Svindal. Han verkar sympatisk og fornuftig, og noko av det som imponerer mest er at han framstår som ein lagspelar i ein idrett utan lag-øvingar. Han er ein av dei mest suksessrike norske alpinistane, med medaljar og triumfar overalt.

Denne filmen handlar i hovudsak om slutten på karriera hans. Her kjem sjølvsagt mange tilbakeblikk, og av dei rundt han er det vel faren som gjer størst inntrykk. Kona hans døydde under ein fødsel, og faren sat att med to ungar. Det var ikkje noko hinder, han tok dei med på alt dei ville vera med på. Begge var lovande alpinistar. Broren gav seg etter ein skade; Aksel gjekk til topps. Forholdet mellom dei tre er varmt, og den kanskje finaste sekvensen i filmen kjem heilt til slutt. Aksel har lagt opp, og tek med seg faren og broren til eit skiområde i Canada. Saman med nokre andre leiger dei eit helikopter, og dei vert sette av langt utanfor allfarveg. Alle tre har det like moro på veg ned gjennom fjellsida.

Den finaste sekvensen er nok det siste VM-løpet hans. Han vert nummer to, usle to hundredelar bak Kjetil Jansrud. For mange er sylv nederlag - Ludn Svindal strålar etter andreplassen. 

Så det er mykje bra å seia om hovudpersonen, men det er ikkje like mykje å seia om filmen. Me kjem aldri heilt innpå hovudpersonen, og då vert det mykje det same: Trening, løp, sjukehus og opptrening. Eg trur dette hadde fenga meir om Lund Svindal hadde opna seg meir opp, og bydd endå meir på seg sjølv.

Guffen er lunken. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar