20. januar 2022

Og alle ting vert nye (2021)

Det Norske Samlaget gjev årleg ut ei samling nye noveller. Dette er rett nok berre den andre i rekkja, men me får tru at denne serien held fram lenge. Det er eit flott tiltak, både av di her er mange fine noveller, men òg av di det er med på å gjera meg kjend med nye forfattarar. (Nye for meg, altså.)

Her er ni noveller, altså mange nok til at variasjonen vert stor. Nokre skriv om samtida, andre skriv om eldre hendingar. Nokre noveller fortel om dramatiske hendingar, andre er meir kompakte kvardagsskildringar. 

Sjølvsagt er her noveller eg likar betre enn andre. Novella til Anne Lise Frøkedal, "Stein, gras, pinnar", fortel om to jenter med ein interessant hobby. I Inger Bråtveit si novelle, "Bortebuar", fortel eg-personen om ein sykkeltur ved barndomsheimen. Forteljaren i novella til Oda Malmin, "Den litle med krøllar", er ein hund på veg ut i verdsrommet. Novella til Aina Basso, "Heim", tek utgangspunkt i ein autentisk runetekst, og er ein forsmak på ei samling noveller med liknande utgangspunkt. 

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar