19. oktober 2020

Mads Rage: Tre vener og ein dum ting (2020)

 

Eg er ikkje av den som ler oftast og høgast, i alle fall ikkje når eg les. Denne boka fekk meg til å le høgt fleire gonger, og det er eit godt teikn. Det er ei bok der artige påfunn står i kø, og der forteljaren kjem med mange høgst originale observasjonar.

Utgangspunktet for romanen er òg høgst originalt. Dei tre venene Rånnien (forteljaren), Guri og Kjørvald gjer ikkje så mykje anna enn å spela Playstation og å drikka øl. Ein gong dei har drukke ein del øl greier dei to siste å skyta hovudet av Rånnien. For å redda livet hans festar dei ein båtradio der hovudet hans var, og under over alle under: Det fungerer på sett og vis, slik at Rånnien kan leva vidare. 

Det seier seg rett nok ikkje sjølv korleis det skal gå. Dei må tenkja på straum og batteri til radioen, dei må tenkja på kamuflasje, osb. Det går bra ei stund, men alle i trekløveret taklar ikkje den nye situasjonen like godt.

Det heile er skrive utan punktum og utan avsnitt. Det er altså nærliggjande å tenkja på Jon Fosse når ein les det, men det er slettes ikkje slik at Rage har krabba opp i Fosse-senga. Tvertimot - han har laga seg ei eiga seng, der det er langt meir å le av enn hjå Fosse.

Guffen tilrår. 

Meir Rage på kulturguffebloggen
Og skipet siglar vidare (2018)
Miklastaur (2019)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar