Viser innlegg med etiketten tungtvatn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tungtvatn. Vis alle innlegg

8. oktober 2017

The Heroes of Telemark (1965)

Denne historia er velkjend. Eg har dei siste åra både sett ein fjernsynsserie og ein norsk film om tungtvassaksjonen, og kjende jo litt til det heile frå før òg. Under ryddinga på gamleskulen sin tok Marit med seg nokre DVD-ar, mellom anna denne, som er den engelske versjonen.

Også dette er based on a true story, men her tek dei seg langt større fridomar med kva som eigentleg skjedde. Sabotørane har oppdikta namn. Det vert dikta opp ein romanse, der storsjarmøren som er ein av dei to sentrale sabotørane møter eks-kona igjen. Den same sabotøren vert med på turen med ferja Hydro, for å redda nokre ungar som var ombord. Flyet og seglflyet som var fulle av engelske soldatar, og som skulle landa på Hardangervidda, styrta berre nokre meter frå landingstripa sabotørane hadde laga. Og så bortetter.

Mykje av filmen verkar som venstrehandsarbeid. Skodespelet er ujamt, replikkane kan vera dårlege. Dei kjem seg til England ved å kapra ein passasjerbåt som er på veg frå Oslo til Kristiansand, og etter at kapteinen vert overmanna og gjev ordre om å setja kursen mot sør-sørvest, svingar båten til høgre. Det kan godt henda at det var ein slik film det britiske publikummet ville ha midt i sekstiåra, men dette var ikkje mykje å skryta av.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Relatert på kulturguffebloggen
Knut Haukelid: Det demrer en dag (1947)
Kampen om tungtvannet (film, 1948)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Gunnar Myklebust: Tungtvannssabotøren (2011)
Kampen om tungtvannet (fjernsynsserie, 2015)

30. august 2017

Per Roger Lauritzen: Claus Helberg. Veiviser i krig og fred (1999)

Claus Helberg (1909-2003) sette spor etter seg. Under Vemork-aksjonen i 1943 var han på heimebane - han vaks opp på Rjukan, slik at lokalkunnskapen hans kom heile gruppa til gode. Han var alt då ein røynd fjellmann, og det prega resten av livet hans. Han var tilsett i DNT frå 1938 og ut yrkeslivet, og var truleg den som kjende rutenettet deira best. Han gav ut fleire bøker, mellom anna to utgåver av Til fots, og han skreiv ei rekkje artiklar i årbøkene til DNT.

Det kunne vore spanande å lesa ein god biografi om Helberg ein gong. Ein biografi som stilte kritiske spørsmål, og som kom langt meir inn under huda på Helberg enn denne biografien gjer. Denne boka fortel ikkje så veldig mykje nytt om Helberg. Aksjonane under krigen får mykje plass, og at han var ein ivrig fjellvandrar visste me òg frå før. Lauritzen bruker ni sider på å fortelja om turane Helberg har hatt saman med den norske og/eller den danske dronninga, og det er jo ei heilt absurd prioritering. Innimellom kjem det tekstar om DNT, om DNT under krigen, om nokre av hyttene deira, osb, og det verkar òg som ei rar prioritering. Boka vert ei blanding av mykje rart - ei hylling av Helberg (som har samarbeidd med Lauritzen, om enn noko motvillig), ei hylling av hyttene til DNT, og litt historie om DNT.

Guffen er lunken.

Relatert på kulturguffebloggen
Knut Haukelid: Det demrer en dag (1947)
Kampen om tungtvannet (film, 1948)
The Heroes of Telemark (1965)
Gunnar Myklebust: Tungtvannssabotøren (2011)
Kampen om tungtvannet (fjernsynsserie, 2015)

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Andreas Backer: Til fjells med Andreas Backer (1944)
Den norske himalayaekspedisjonen: Tirich Mir til topps (1950)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Per Hohle (red.): Fra varde til varde (1971)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Ragnar Frislid: Gjende (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Gangdal og Holm: Everest. Den tunge veien (1995)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Conrad Anker og David Roberts: The Lost Explorer (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Michael Kodas: High Crimes (2008)
Lars Monsen og Trond Strømdahl: Norge på langs (2009)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Henrik Svensen: Bergtatt (2011)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Dagfinn Hovden: Tindekliv på Sunnmøre (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Everest (2015)
Anne-Mette Vibe: Therese Bertheau. Tindestigerske og lærerinde (2016)
Jan Aasgaard: Jotunheimen gjennom historien (2016)
Free Solo
(2018)
Sveinung Engeland: Høyde over havet (2021)
Trango. Et ønske om å leve sterkt (2025)
Girl Climber (2025)

1. oktober 2016

Gunnar Myklebust: Tungtvannssabotøren

Foreldra mine har flytta inn i eit mindre hus (som me flytta ut av), og dei har ein del bøker til overs. Dei fleste går til Fretex, ser det ut til, men dei plar spørja om der er bøker me vil ha før dei køyrer bøkene vekk. Eg plukka med meg denne og nokre til.

Boka handlar om Joachim Rønneberg, som var leiar for sabotørane som gjennomførte den vellukka sabotasjeaksjonen mot Vemork i 1943. Den dekkjer kanskje ein tredel av boka, og det er den delen det er mest fart i. Myklebust fortel om aksjonen på ein sakleg og grei måte, han let handlingane til sabotørane tala for seg, og treng difor ikkje smørja tjukt på. Han fortel svært detaljert om fluktruta etter aksjonen, då dei gjekk på ski frå Rjukan mot Sverige, i ei rute som førte dei langt mot nordaust.

Dei andre delane av boka er ikkje like fengande. Opninga, altså tida før Vemork, tek aldri heilt av. Me forstår at Rønneberg var ein svært røynd fjellmann, trass i at han berre var 21 år då krigen braut ut. Frå mars 1944 og ut krigen låg Rønneberg, saman med to andre, i ei enkel hytte i Tafjordfjella. Dei gjennomførte ein aksjon mot ei bru på Raumabanen, men elles handla denne perioden mest om å halda seg gøymd, og om å greia å skaffa seg nok mat. Her var det svært seigt, med mange repetisjonar.

Guffen er lunken.

Relatert på kulturguffebloggen
Knut Haukelid: Det demrer en dag (1947)
Kampen om tungtvannet (film, 1948)
The Heroes of Telemark (1965)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Kampen om tungtvannet (fjernsynsserie, 2015)

2. februar 2015

Kampen om tungtvannet (2015)

Tungtvassaksjonen, igjen. Er det ei hending frå den andre verdskrigen i Noreg som er godt eigna for ein fjernsynsserie, er det jo denne. Ein sabotasjeaksjon mot ein geografisk vanskeleg tilgjengeleg fabrikk vert gjennomført utan tap av menneskeliv. Der dei som arbeidde ved fabrikken måtte kryssa ei bru over eit djupt juv, gjekk sabotørane ned i det bratte juvet, opp på den andre sida, og returnerte same veg, før dei flykta på den mest norske måten av dei alle - på ski gjennom vinternatta.

Det er ikkje vanskeleg å sjå kvifor denne aksjonen fekk lengendestatus rett etter at krigen var over. Det var noko urnorsk over det heile, og det var òg slik at dei norske sabotørane fullførte det engelske soldatar hadde prøvd å gjera, men som dei knapt hadde kome i gang med. For meg var det barnelærdom at denne aksjonen hindra at Tyskland fekk utvikla atomvåpen, sidan nordmennene hindra at det verdfulle tungtvatnet vart sendt til Tyskland. Då, altså då eg var liten, vart det ikkje sagt noko om at det var sprenginga av ferja Hydro, der 14 sivile vart drepne, som sette ein endeleg stoppar for det tyske prosjektet. Og det vart heller ikkje sagt noko om at tyskarane truleg ikkje var i nærleiken av å få ferdig ei atombombe.

Men her er det altså serien det handlar om. Seks episodar, der dei to fyrste vart sende som ein lang opningsepisode. Den var av dei mest vellukka, der var det god flyt, og me vart kjende med alle dei viktige aktørane i serien. Nokre av desse kunne godt vore kutta ut, og det gjeld (diverre) dei fleste kvinnene i serien. Der er tre med sentrale roller - kona til den tyske fysikaren Werner Heisenberg, den fiktive kona til den fiktive fabrikksjefen Bjørn Henriksen, og den fiktive britiske offiseren Julie Smith. Med unntak av Smith er dei andre berre distraksjonar, som ikkje tilføyer historia noko som helst. Kvifor serieskaparane har sett det som naudsynt å dikta opp to sentrale kvinneroller forstår eg ikkje, serien hadde vore betre utan desse.

Så gjekk det opp og ned. Den sentrale hendinga i serien, aksjonen mot fabrikken, vert godt presentert i den fjerde episoden, og det trong serien - den tredje episoden skjedde det svært, svært lite i. Dei to siste episodane var på det jamne - tidvis bra, tidvis ordinært. Serien har fått svært mykje ros i norske aviser, og javisst er her mykje bra, men det er likevel ikkje slik at fjernsynshistoria må skrivast om etter dette, slik ein av og til får inntrykk av gjennom avisene.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Knut Haukelid: Det demrer en dag (1947)
Kampen om tungtvannet (film, 1948)
The Heroes of Telemark (1965)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Gunnar Myklebust: Tungtvannssabotøren (2011)

22. oktober 2012

Knut Haukelid: Det demrer en dag (1947)

I serien "bøker eg aldri hadde tenkt eg kom til å lesa" er me no komne fram til denne. Marit plukka ho med seg frå ein loppemarknad for nokre veker sidan, og sidan eg vart sitjande og sjå på filmen om Vemork-aksjonen her om kvelden, fann eg ut at eg kunne lesa denne.

Det var rimeleg fort gjort, det er ei bok som er fri for alt det unødvendige. Nesten, i alle fall. Haukelid var med både på Vemork og då ferja med tungtvatnet vart senka året etter. Han fortel om korleis han opplevde krigsutbrotet, og både her og seinare er han ikkje i tvil: Grunnen til at Tyskland fekk så fritt spelerom var at dei norske styresmaktene var dårleg budde på eit angrep. Han vert involvert i motstandsrørsla, og fortel rimeleg nøkternt om det han var med på. Akkurat det er imponerande, boka kom berre to år etter at krigen var slutt.

Det at han skriv kort og greitt om det han var med på, gjer at han må byggja ut boka med anna stoff. Her sviktar redigeringa stort; han tek med eit altfor langt utdrag frå ein britisk rapport som fortel om korleis engelske fly prøvde å finna punktet på Hardangervidda der dei skulle sleppa ned forsyningar. Haukelid er langt betre når han fortel om samhaldet mellom dei som låg i dekning der, og når han fortel om naturopplevingane. Alt i alt var dette ei bok som overraska meg positivt, kanskje av di eg las ho rett etter at eg såg filmen som dels handla om dei same handlingane.

Guffen er lunken.

Relatert på kulturguffebloggen
Kampen om tungtvannet (film, 1948)
The Heroes of Telemark (1965)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Gunnar Myklebust: Tungtvannssabotøren (2011)
Kampen om tungtvannet (fjernsynsserie, 2015)

20. oktober 2012

Kampen om tungtvannet (1948)

Av dei store aksjonane mot dei tyske okkupantane under den andre verdskrigen, var denne ein av dei mest norske. Sprenging av bruer og båtar og kontor kan kven som helst gjera. Denne aksjonen, der norske motstandsfolk fyrst sprengde delar av Vemork kraftstasjon, og deretter ei ferje som skulle frakta tungtvatnet til Tyskland, var annleis. Filmen spelar altfor mykje på det.

To grupper med norske motstandsfolk vert sleppte ned over Hardangervidda. Her kjempar dei seg gjennom vinteren, det er dårleg ver, dei manglar mat, dei får ikkje forsyningar frå Storbritannia, sidan det alltid er skodde når flya kjem, osb. Dei gjennomfører aksjonen mot Vemork, og dei fleste flyktar til Sverige. To av dei vert likevel att på Hardangervidda, der dei igjen må gå gjennom lange periodar med kulde og frykt og matmangel.

Filmen er stundom som ein dokumentarfilm, der ein forteljar med filmavis-røyst smør altfor tjukt på. Det er ikkje måte på kor vondt dei hadde det, og det er heller ikkje måte på kor stor innsats dei gjorde. Filmen vart laga rett etter at krigen var over, så det er ikkje rart at det vart slik, men i dag verkar det heile berre platt og kjedeleg. Det vert ikkje betre av at replikkane er aldeles urealistiske, spesielt i den delen som er lagt til Paris før krigen, eller at skodespelet knapt nok er middels. Fleire av dei som var med i aksjonane spelar seg sjølv. Dei kan godt ha vore gode motstandsfolk; skodespelarar var dei ikkje.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Relatert på kulturguffebloggen
Knut Haukelid: Det demrer en dag (1947)
The Heroes of Telemark (1965)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Gunnar Myklebust: Tungtvannssabotøren (2011)
Kampen om tungtvannet (fjernsynsserie, 2015)