27. januar 2010

Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)

Av og til er eg inne i ein god lesestim. Eg les mykje, og har lyst til å lesa meir. For nokre år sidan kjøpte eg Skrifter i samling av Arne Garborg på Haugen bok. Dei tolv banda gjekk som ein draum, og rett etterpå las eg dagbøkene til Garborg, i seks band. Eg kjøpte inn dei to biografiane Tor Obrestad skreiv om Arne og Hulda, men Arne-biografien tok knekken på leselysta. Boka var uventa livlaus, og Hulda-biografien står framleis og ventar, 5-6 år etter at han vart kjøpt inn.

Denne boka tek opp arven etter Arne-biografien. Eg har lese mykje i det siste, og har ei rimeleg stor interesse for utvandring, så det meste låg godt til rette for at eg skulle lika denne boka. Likevel tok det ikkje lang tid før eg gjekk lei. Eg har vore gjennom heile boka, men mange stader var det rein skumlesing.

Mørkhagen har gjort eit grundig arbeid. Det skal han ha pluss for, og det er òg bra at han dreg linene heilt fram til våre dagar. Bakdelen er at han ikkje er god nok til å sortera vekk stoff. Det er grenser for kor mange båtreiser over Atlanteren som treng å skildrast detaljert. Passasjerlister, reiseruter, kor mange båtar kvart år, osb - det vert etter kvart eit slit å hengja med. Han bryt det opp med å fortelja om enkeltpersonar, korleis dei førebudde seg og korleis det gjekk under overfarten og korleis det gjekk i USA, men desse avbrota vert òg svært like. Boka har ein del bilete - altfor, altfor mange av desse er av båtar.

Han skriv ein del om Voss. Diverre finn eg fleire feil og manglar akkurat her. To gonger skriv han at Voss ligg i Hardanger. Han skriv at utvandringssoga til Knud A. Rene kom i to band, i ny utgåve i 2003. Han er usikker på om dei tre som ikkje fekk båtplass i 1836 utvandra i 1837. Og han nemner ikkje Vossing Correspondance Society, som var den fyrste norskamerikanske foreininga, heller ikkje Vossing Emigration Society, eller avisa dei gav ut, Vossingen. Han kan sjølvsagt ha valt å velja dette vekk, men for meg verkar det like truleg at han ikkje har kjent godt nok til det.

Mørkhagen lovar oss eit band til, i 2010. Det skal handla om det norskamerikanske livet i USA. Det er meir mitt interessefelt, så det er fare for at eg kjøper den boka òg. Men det vert med ein djup skepsis.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)
Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)
Ole E. Rølvaag: Their Fathers' God (1931)

Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)
Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)
Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone (1968)
Utvandrarna (1971)
Nybyggarna (1972)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Gjerde & Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)
David M. Krueger: Myths of the Rune Stone (2015)
Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)
Odd S. Lovoll: Colonel Hans C. Heg and the Norwegian American Experience (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar