25. juli 2022

Nomadland (2020)

Ein fin, fin film om eit Amerika me ikkje høyrer så mykje om. Det handlar om dei som ikkje har fått det heilt til, dei som ikkje heilt likar det dei ser rundt seg, dei som ikkje passar heilt inn, og som difor reiser rundt i USA. Dei jobbar litt histen og pisten, og bur gjerne i bilane sine. Det heile er basert på ei sann soge, og nokre av desse nomadane spelar seg sjølv.

Hovudpersonen i filmen, Fern, har budd lenge i byen Empire i Nevada. Mannen hennar døyr, og ho kvittar seg med alt ho ikkje treng. Ho kjøper ein liten varebil, byggjer han litt om, og slår seg saman med andre nomadar. Ho er ofte innom ein samlingsstad for likesinna i Arizona, ho arbeider på boklager, ho arbeider på restaurantar og i nasjonalparkar. Ho tener berre småpengar, men greier seg. Stort sett. Bilen hennar bryt saman, og for å få pengar til reparasjonen vitjar ho syster si, som bur i eit stort og flott hus i California. Og så vidare - heile tida på farten.

Det er ein varm film, men òg ein trist film. Det går galne vegen i USA. Filmen er flott filma, flott fortalt, og det er som alltid ei sann glede å sjå Frances McDormand. Ho er med i så godt som kvar einaste scene, og briljerer heile vegen.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar