7. juli 2022

Stephen Crane: The Red Badge of Courage (1895)

Dette er ei glimrande bok. Det er mykje som er imponerande her, men noko av det som imponerer mest er at Crane berre var 24 år då boka kom ut. Han hadde ikkje opplevd noko krig, men greier likevel å skildra kamphandlingane på ein måte som verkar høgst reell.

Det heile vert fortalt gjennom den unge soldaten Henry Fleming. Saman med dei andre soldatane i regimentet marsjerer han mot fienden, og alle veit at det snart vert eit slag. Når det slaget tek til feigar Fleming ut og spring vekk frå kampane. Han angrar, han veit at dette var gale, og når skytinga er slutt går han tilbake til regimentet sitt. Han spelar skadd, han får etter kvart eit tilfeldig slag i hovudet av ein han møter, og greier å lura dei andre til å tru at dette er ein skade han fekk i slaget med fienden. Neste dag sviktar han ikkje, i slaget som ventar då vert Fleming ein av flaggberarane, og han får ros frå ein general som såg korleis han oppførte seg.

Det er ei kort bok, men ho er rimeleg intens. Det er lett å merka kor lite viljuge både Fleming og mange av dei andre er på å driva med krig. Det meiningslause i det heile kjem godt fram, mellom anna når Fleming høyrer korleis to offiserer omtalar soldatane sine som nokon som kan ofrast. Språket er godt, romanen er godt bygd opp, og det er fare for at eg må prøva ut fleire av romanane til Crane. Det er ikkje altfor mange av dei - Crane døydde 28 år gamal.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar