30. juli 2020

Benedicte Maurseth: Å vera ingenting (2014)

Knut Hamre har lenge vore ein av dei aller gjevaste felespelarane i landet. Han er fødd i 1952, vaks opp i Folkedal, og har fått mykje heider: Han har vunne Landskappleiken sju gonger, og har fått mange andre prisar og utmerkingar. I 2017, tre år etter at denne boka kom ut, vart han utnemnt til kommandør av St. Olavs orden.

Han har lenge hatt elevar, slik skikken gjerne er i folkemusikkmiljøet. Benedicte Maurseth er ein av dei, og det sentrale i denne boka er tilhøvet mellom lærar og elev. Sjølvsagt handlar boka mykje om folkemusikk og speltradisjonane i Hardanger, men samtalane kjem heile tida tilbake til pedagogiske spørsmål. Korleis får du elevar til å ta ut heile potensialet sitt? Korleis balanserer ein kritikk og ros?

Hamre snakkar godt om slike emne, og han snakkar òg godt om mykje anna. Han fortel om dei tre læremeistrane sine, som er ein lokal felespelar (Anders Kjerland), ein litt meir fjern felespelar (Bjarne Herrefoss) og ein lokal diktar (Olav H. Hauge). At Hauge er med på den lista viser at boka også handlar om kunst og skaping av kunst. Dei to hadde jamlege møte dei siste tiåra Hauge levde, og skildringa av det siste møtet deira, dagen før Hauge døydde, er noko av det finaste i boka.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar